Hjem Forskning Endra gytetid påverkar helsa til laksen

Endra gytetid påverkar helsa til laksen

Av Redaksjonen

Laksemora overfører næringsstoff til egga der borna utviklar seg i den første fasen. Denne overføringa blir påverka ved sein eller tidleg gyting. Fotograf: Anne-Catrin Adam / HI

Forsinka gyting kan føre til svolt hos laksemora. Tidleg gyting kan derimot føre til at laksebarnet får for lite næring.

HAVFORSKNINGSINSTITUTTET – Forfatter: Runar Bjørkvik Mæland

Det viser ein ny studie publisert i det vitskaplege tidsskriftet Aquaculture (fri tilgang).

Laks gyter naturleg seint om hausten. For å sikre tilgang på fisk gjennom året har oppdrettarar utvikla metodar for å få fisken til å gyte tidlegare eller seinare enn normalt – blant anna ved å justere forhold som lys, temperatur og tidspunkt for overføring av stamfisk til ferskvatn.

I den nye studien har forskarar ved Havforskingsinstituttet sett på korleis slik forskyving av gytinga påverkar helsa til laksemor og -barn. Dei har undersøkt ernæringstilstand både hos stamfisk og i egg av oppdrettslaks ved ulike gytetidspunkt.

Sein gyting = svolten mor

I studien såg forskarane på tre grupper av fisk, egg og larvar: Ei gruppe der stamfisken gytte til vanleg tid, ei gruppe der fisken gytte to månader tidlegare, og ei gruppe der fisken gytte to månader seinare.

Då dei samanlikna nivåa av ulike næringsstoff såg forskarane klare forskjellar mellom gruppene.

I fiskane som gytte seint, såg dei tydeleg at protein i musklane til laksemora var brotne ned og overførte til rogna.

– Det er bra for barnet, som får mykje næringsstoff – men effekten var så valdsom at det var mindre bra for mora, seier forskar Kaja Skjærven.

Ho forklarer at morfisken som gytte seint viste teikn til kraftig svolt, og det kan vera problematisk med tanke på fiskevelferda.

– Samtidig som egga fekk meir næringsstoff, viste dei også mindre kapasitet til å handtere stress, og hadde også høgare nivå av nitrogenhaldige avfallsstoff som må skiljast ut, seier Skjærven.

Laks på prøvebrett på lab.
Laksemora blir også kalla «stamfisk» på fagspråket. Fotograf: Anne-Catrin Adam / HI

Tidleg gyting = forsinka vekst

Situasjonen var motsett når fisken hadde gytt tidleg. Då var ernæringstilstanden god hos mora, men egga fekk ikkje alle næringsstoffa dei skulle ha.

– Særleg var B-vitamin lågare i egga som var gytt tidleg. Frå før veit vi at B-vitamin kan påverke veksten frå embryostadiet til vaksen fisk, forklarer forskaren.

Les meir:

Forskarane såg også at veksten til desse individa ikkje var like god i den første perioden.

Då dei målte lengd og vekt på larvane etter at egga hadde klekt, såg dei at individa frå dei tidleg gytte egga hadde fått ein ulempe frå startstreken i livet.

– Vi ser at det er ei avveging mellom behova til mora og egget når ein forskyv gytetidspunktet framover eller bakover i tid, seier forskar Kaja Skjærven.

Ved normal gytetid er næringsstatusen som venta god både for mor og egg.

Behov for å tilpasse fôret

Som andre fiskar legg laksen egga sine utanfor kroppen. I den tidlegaste livsfasen er fosteret avhengig av næringsstoffa i eggeplomma, som er overførte frå mora via levra. Både mora si helse og ytre miljøforhold vil difor påverka utviklinga og veksten til fosteret.

Stamfiskane som blei brukte i studien hadde fått same fôr og hadde same opphav, slik at forskarane kunne sjå effekten av endra gytetid isolert. Prøvane som blei analyserte i studien var henta frå kommersiell produksjon.

– Studien viser behovet for å justere fôret til stamfisken når ein endrar gyteperioden, for å overhalde ernæringskrava, seier Kaja Skjærven.

– I tillegg viser studien kor skjøre og følsame organismar er for eit endra klima, og at auka temperaturar kan få konsekvensar for fisk på tvers av generasjonar, legg ho til.

Tidlegare har forskarane vist at modning i landbaserte anlegg med resirkulering (RAS-anlegg) påverkar egga. Les meir i denne saka: Oppdrettere kan påvirke fisken via fôret til foreldrene

Referanse

Skjærven, Kaja H., Maren Mommens, Anne-Catrin Adam, Takaya Saito, Eystein Oveland og Marit Espe. «Earlier or delayed seasonal broodstock spawning changes nutritional status and metabolic programming of growth for next-generation Atlantic salmon». Aquaculture 554, 738187 (2022). Lenke: https://doi.org/10.1016/j.aquaculture.2022.738187

Strossle

Du vil kanskje like dette også

Legg inn en kommentar

[script_24]

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

This website uses cookies to improve your experience. We'll assume you're ok with this, but you can opt-out if you wish. Aksepter Les mer

Privacy & Cookies Policy