Hjem Nyheter Ber laksefiskarar hugse fiskaravgifta

Ber laksefiskarar hugse fiskaravgifta

Av Redaksjonen

Laksefiskar i elv. |Foto: Marit Roksvåg Iversen.

Miljødirektoratet minner laksefiskarar om å betale fiskaravgifta. Pengane går til å bevare laksestammane og leggje til rette for fiske.

Miljødirektoratet

Fisket etter laks, sjøaure eller sjørøye er no i gang mange stader i landet. Pengane ein betaler i fiskaravgift går mellom anna til å bevare laksebestandane, og å leggje til rette for fiske. Fiskeravgifta er på 329 kroner, og ein betaler på Miljødirektoratets nettside.

Ein må også hugse å kjøpe fiskekort frå grunneigar, og ta med gyldig kvittering for fiskaravgifta når ein skal fiske.

Fiskar ein laks, sjøaure eller sjørøye i elvar og  utan å ha betalt fiskaravgift, kan ein få eit straffegebyr på 3000 kroner. Barn og ungdom under 18 år skal ikkje betale fiskaravgift.

Du vil kanskje like dette også

This website uses cookies to improve your experience. We'll assume you're ok with this, but you can opt-out if you wish. Aksepter Les mer

Privacy & Cookies Policy