Torskefiske i Borgunfjorden
Det har gått nedover med skreien sør for Lofoten dei siste åra. I fjor fann forskarane for første gong ikkje ein einaste skrei i Borgundfjorden ved Ålesund.
Havforskningsinstituttet – Forfatter: Øystein Rygg Haanæs
Innsiget av skrei i Borgundfjorden, der torskefisket har lange tradisjonar, er normalt i gang i februar. Men kor mykje skrei – gytemoden nordaustarktisk torsk – kjem det i år? Det er seniorforskar Kjell Harald Nedreaas ved Havforskingsinstituttet spent på. Vi har dokumentert innsiget sidan 2012, og i fjor fann vi for første gong ikkje spor etter ein einaste skrei, seier han.
Egghåv og DNA-analyse
Forskarane fangar torskeegg ved fire stasjonar i gyteområdet i fjorden ved hjelp av egghåvar som blir dratt vertikalt frå 50 meter og opp til overflata. Egga til torsken flyt opp mot overflata før dei klekker.
Runde Miljøsenter samlar inn og grovsorterer egga, og deretter brukar HI DNA-analyse for å skilje torsk frå hyse og kysttorsk frå skrei.
I 2024 var det altså ikkje skreiegg korkje i håven eller blant gytefisk som det blei tatt øyresteinar (otolittar) eller genetiske prøvar av.
Pilane peiker nedover
Forsvinningsnummeret på Sunnmøre føyer seg inn i ein klar trend. Som figuren under viser, har skreimengda sør for Lofoten gått kraftig ned dei siste åra.

Les meir om korleis vi ser forskjell på skrei og kysttorsk.
Skrei-bonanza på Møre under 1. verdskrig
Ein annan viktig faktor er temperatur. Skreien vil helst ha ein gytetemperatur på 4-6°C.
Enkelt forklart vandrar skreien nordover når det blir varmare og sørover når det blir kaldare. Det var for eksempel meir skrei på Møre enn i Lofoten under ein særleg kald periode i starten av 1. verdskrig, seier Nedreaas.
Med pågåande global oppvarming reknar han med at vi må vere budde på mindre skrei i sørlege farvatn.

HI har tilrådd nye reguleringar
I fjor sommar tilrådde Det internasjonale råd for havforsking (ICES) ein reduksjon på nesten 75 prosent i kvota for kysttorsk mellom 62 og 67°N.
HI har i ein eigen rapport tatt til orde for regulering av torskefisket i eit større område langs kysten frå Sunnfjord i sør til Kristiansund i nord.
Går vinninga opp i spinninga?
Nedreaas fortel at mange yrkesfiskarar var svært kritiske til at det vart innført vern i 2009. No meiner han at stemninga er i ferd med å snu. Eg har sjølv fått mykje kjeft på folkemøte i Ålesund, men no opplever eg at mange, også yrkesfiskarar, ser behov for sterkare vern, seier Nedreaas.
Fritidsfisket i Borgundfjorden er neppe problemet
Det samla turist- og fritidsfisket er antatt å stå for over halvparten av fiska torsk mellom 62° og 67°N. I Borgundfjorden viser berekningar frå HI like fullt at fritidsfisket berre utgjer ein liten del av den totale årlege torskefangsten.