Hjem Fiske Førebels vurdering av lakseinnsiget klar

Førebels vurdering av lakseinnsiget klar

Av Redaksjonen

Laksefiske i Nidelva ved Trondheim (arkivfoto).|Foto. Jarl Koksvik/Miljødirektoratet.

 

Ei vurdering av årets lakseinnsig så langt har no kommen. Miljødirektoratet vil neste veke gjere vedtak om det vidare laksefisket i sommar.

Frå 23. juni stengde Miljødirektoratet laksefisket i 33 elvar og i sjøen frå svenskegrensa i sør til og med Trøndelag, etter rapportar om svært lite laks så langt i år.

Vedtak klart i tidsrommet 8.-10. juli

No har Norsk institutt for naturforskning (NINA) levert eit notat til Miljødirektoratet, som samanfattar innsig, oppvandring og fangst av laks hittil i sesongen. Miljødirektoratet vil dei næraste dagane analysere notatet, og gjere vedtak om kvar det blir lov og ikkje å fiske laks vidare i sommar.

Notatet finner du HER.

Vedtaket kan ventast å vere klart i tidsrommet 8.-10. juli. Miljødirektoratet vil sende ut ei pressemelding når vedtaket er klart.

Du vil kanskje like dette også

This website uses cookies to improve your experience. We'll assume you're ok with this, but you can opt-out if you wish. Aksepter Les mer

Privacy & Cookies Policy