Hjem Fiske Mistanke om ulcerativ dermal nekrose hos hunderørret i Mjøsa

Mistanke om ulcerativ dermal nekrose hos hunderørret i Mjøsa

Av Redaksjonen

Biletet viser hovudet til ein av hunderørretane som vart undersøkt – typiske funn ved UDN inkluderer gråkvite eller mjølkeaktige hudforandringar, særleg på hovudet og ryggen, ofte med sårdanning og nekrose. Foto: Åse Helen Garseth, Veterinærinstituttet

Undersøkingar av innsend sjuk og død fisk frå Mjøsa til Veterinærinstituttet stadfestar infeksjon med eggsporesoppen Saprolegnia parasitica, men gir òg mistanke om sjukdommen ulcerativ dermal nekrose (UDN).

19. oktober varsla ein privatperson Veterinærinstituttet om observasjon av sjuk og død hunderørret ved utløpet av Gudbrandsdalslågen i Lillehammer kommune. Veterinærinstituttets kontakta Oppland Jeger og fiskeforeining (OJFF) for bistand til uttak av aure til diagnostikk. OJFF fanga og avliva to aure og rapporterte i tillegg om observasjon av fleire sjuke og døydde aure i området. Veterinærinstituttet varsla Statsforvaltaren om observasjonane og om uttak av fisk til diagnostikk. 

– Aurane hadde teikn til infeksjon med saprolegnia, men funna frå obduksjonen var annleis og mykje mildare enn det vi har observert hos anadrom laksefisk i trønderske elvar denne hausten. Dette understrekar viktigheita av å gjennomføre ei grundig helseundersøking, seier Åse Helen Garseth, fagansvarleg for villfiskhelse ved Veterinærinstituttet. 

Mistanke om ulcerativ dermal nekrose (UDN) 

Diagnosen saprolegniose blei stadfesta ved dyrking og artsbestemming av Saprolegnia parasitica og dessutan ved observasjon av saprolegniahyfer som hadde vakse gjennom hudlag og inn i muskulatur. Men i tillegg blei det observert endringar i hud som gav mistanke om sjukdommen ulcerativ dermal nekrose (UDN). 

Dette er ein hudsjukdom som har blitt påvist hos hunderørret tidlegare (i 1999), men som framleis har ukjend årsak, fortel Garseth. 

Ho fortel at UDN rammar gytemodne laksefisk og førekjem hovudsakleg ved låge vasstemperaturar. Sjukdommen resulterer i vevsdød og sår i huda, og desse hudsårene vil raskt infiserast med sekundære smittestoff, hovudsakleg av saprolegnia. Dette forverrar sjukdommen betrakteleg og kan bli dødeleg fordi fisken får problem med å halde oppe væskebalansen. 

Frå store utbrot i Storbritannia og frå Hunderørreten har mønsteret vore at sjukdommen held fram i tre til fire år, eller meir, for deretter å forsvinne igjen. I Noreg er UDN observert hos laks og sjøaure i elvar som munnar ut i Oslofjorden. 

Varslingsplikt ved sjukdom hos villfisk 

Dersom du oppdagar sjuke eller døde villfiskar, eller mistenkjer dårleg velferd, skal du varsle Veterinærinstituttet omgåande. Alle har plikt til å varsle, og melding til Veterinærinstituttet oppfyller denne plikta. Det er ikkje nødvendig å varsle Mattilsynet i tillegg. 

Du vil kanskje like dette også

This website uses cookies to improve your experience. We'll assume you're ok with this, but you can opt-out if you wish. Aksepter Les mer

Privacy & Cookies Policy