I sjøfasen kan pukkellaksen minne om vår atlantiske laks eller sjørøye. Da er den en god matfisk beslektet med en annen populær stillehavslaks: regnbueørreten. På bilde er fangst fra et forskningstokt i Norskehavet. Fotograf: Erling Kåre Stenevik / Havforskningsinstituttet
Hovudspørsmålet er: Korleis best unngå vår eigen, raudlista laks.
HAVFORSKNINGSINSTITUTTET – Forfatter: Erlend Astad Lorentzen
Det er ein av fleire problemstillingar forskarane skal finne svar på i det nye prosjektet Stillehavslaks (sjå faktaboks).
HI skal dokumentere moglegheiter og utfordringar ved å fange den framande laksen med kilenot.
Kan slå to fluger i ein smekk
I elva går fisken gjennom ein forandring som gjer han ubrukeleg som matfisk, før han til slutt døyr etter gyting. Men i sjøen er pukkellaksen mat på høgd med annan laks.
– Då kan vi fange han, anten som ressurs eller som nedkjemping av eit miljøproblem, eller begge deler, seier Svein Løkkeborg, forskar innan fangstmetodar og -teknologi.
Hovudproblemet med å fange han i sjøen er bifangst av vår eigen, raudlista, atlantiske laks, og annan «lokal» laksefisk. Store delar av kysten er stengt for fiske med kilenot.
Men berre viss
– Målet er derfor å dokumentere i kva grad bifangst blir eit problem. Eller vise at vi kan fange fiskane skånsamt og sortere ut atlantisk laks, sjøaure og sjørøye, seier Løkkeborg.
Fangstforskarane har planlagt tokt i Finnmark med leigefartøyet «Fangst» til sommaren.
Kilenota dei skal bruke, har 40 millimeters maskevidd – langt mindre enn tradisjonell laksenot. I tillegg har nota ein påmontert, sirkelforma merd som fisken blir leia inn i.
Ventar meir bifangst, men mindre dødelegheit
Mindre maskevidd vil vere betre for å fange pukkellaksen, som er mindre enn atlantisk laks. Men det vil truleg også fange meir sjøaure og sjørøye.
– Tanken er at i eit romsleg og sirkulært fangstkammer vil fisken svømme med naturleg stimåtferd. Då legg vi til rette for skånsam utsortering av bifangst, forklarer Løkkeborg.
I tradisjonelle kilenøter døyr ein del fisk fordi dei heng seg fast i notveggane.
Vil filme fisken for å studere åtferda
Forskingskilenota skil seg også på eit anna punkt. Ho er nemleg utstyrt med fleire kamera.
– Det er fordi vi håpar å lære noko om åtferda til pukkellaksen. Slik kan vi vidareutvikle fangstreiskapen til å bli meir målretta mot arten, seier Løkkeborg.
– Går han i reine stimar, eller finn han saman med annan laks, sjøaure eller sjørøye? Går han nærare overflata enn dei andre artane? Følger han leiegarnet slik vi er vande med? Endrar pukkellaksen åtferd i løpet av sesongen? Dette er viktig å få greie på, fortset han.
Kjem seint til elva
Det forskarane veit, er at hovudinnsiget av pukkellaks kjem samtidig som smålaks, men seinare enn stor og mellomstor atlantisk laks.
– Og det tenker vi å bruke til vår fordel ved å legge toktet til perioden rundt St. Hans, seier Svein Løkkeborg.
Skal finne tidspunktet der både rogn og kjøt er best
Forskarane har også søkt inspirasjon frå Alaska og Canada, der det er store, kommersielle fiskeri på ulike stillehavslaksar.
Når det gjeld pukkellaksen, er rogna til fisken eit råstoff på linje med filet. Inntil halvparten av fortenesta kjem frå rogn.
Del av felles innsats mot pukkellaksen
Derfor skal forskingsfangsten også forsøke å gi svar på kva tid gjennom fangstsesongen både rogn og filet har best kvalitet.
Dette pluss fangstbehandling om bord og foredling på land er det Møreforskning som skal undersøke saman med NOFIMA.
Det overordna prosjektet vil rekke å finne ut av fangst- og foredlingsmoglegheiter i løpet av 2023. Det for å vere førebudde på å utnytte fisken i neste pukkellaksår 2025.
Møreforsking leiar prosjektet med støtte frå FHF. Både HI og Nofima bidrar også med eigne midlar.