Slik har det gått med den «tvangsflytta» steinbiten 

Steinbitane ligg tett i kara utan å krangle med kvarandre.Fotograf: Havforskningsinstituttet

45 prosent av dei omplasserte steinbitane trivst i sin nye heim i Melkøysundet.

I 2025 merkte havforskarane 20 steinbitar, som dei flytta frå kyststroka ved Loppa til dei kunstige tareskogane i Melkøysundet. 

No er ni av fiskane registrert på same stad i år igjen. 

– Det interessante er ikkje berre at fleire av steinbitane vert verande, men at fisk som forsvinn ut om vinteren, kjem tilbake, seier havforskar Hans Kristian Strand. 

Éin fisk heldt seg i dei kunstige tareskogane heile overvakingsperioden. Åtte steinbitar drog på vintervandring i tre månadar eller meir – før dei så dukka oppatt igjen. 

– Det tyder på at Melkøysundet kan ha vorte ein del av leveområdet deira, sjølv om dei føretek sesongmessige vandringar. 

foto av mann som står foran brett med en fisk oppå
Steinbitane er utstyrte med små akustiske sendarar, som er opererte inn i buken. Eit nettverk av mottakarar på sjøbotnen registrerer identiteten og djupna til fisken, når dei er innanfor lytteområdet. Forskar Esben Moland Olsen sjekkar stoda for ein av steinbitane.

Kråkebolle-problemet

Flytteforsøket er ein del av innsatsen for å restaurere tareskogane langs kysten av Troms og Finnmark. 

Her har kråkebollar forvandla produktive tareskogar til ein nedbeita ørken, og slik har tilstanden vore i fleire tiår. Det er i tareskogen fiskeyngel gøymer seg, finn mat og veks til.  

Men gråsteinbit kan vere ein del av løysinga – for kråkebollar står høgt på menyen hos den kraftige rovfisken. 

– Historisk var gråsteinbit vanleg i mange nordnorske fjordar, men lokale bestandar har vorte kraftig nedfiska. I praksis, prøver vi å tilbakeføre steinbiten til område kor han tidlegare har hatt ein viktig funksjon som naturleg predator, seier Strand. 

gråsteinbit med åpen munn
Gråsteinbit er ein rovfisk, og han et mellom anna kråkebollar, sniglar, muslingar og krepsdyr. (Foto: Erling Svensen / HI)

– Har vist at det er mogeleg

Dei førebelse omplasseringsresultata er lovande. 

– Vi har vist at det er mogeleg å fange, transportere og setje ut steinbit, og at ein betydeleg del ser ut til å akseptere det nye området.

Resultata byggjer også vidare på eit tidlegare forsøk i Olderfjorden i Porsangerfjorden. Der vart 20 gråsteinbit følgde med akustisk telemetri, og opptil 40 prosent var framleis fjorden då overvaking vart avslutta. 

Det er endå ikkje dokumentert at dei flytta steinbitane i Melkøysundet har redusert talet kråkebollar eller ført til ny tareskog – det vil krevje undersøkingar over fleire år.

– Det neste store spørsmålet er om vi kan oppnå høg nok lokal tettleik til at steinbitane faktisk påverkar økosystemet. Det er dette vi no må dokumentere, seier havforskerkollega Esben Moland Olsen, som er ansvarleg for merking av fisk og analyse av data frå mottakarane. 

Får mat og tid til å venne seg til området

I Melkøysundet undersøker vi no om tilvenning og fôring kan få endå fleire steinbitar til å verte verande innanfor det avgrensa område, der dei vert sette ut og overvaka. 

– I staden for at alle fiskane vert sette direkte ut, held vi enkelte tilbake i bur på sjøbotnen. Der får dei mat og tid til å venne seg til vassmassane, botnen og omgjevnadane før vi slepp dei fri, forklarar Strand. 

Kamera let dei følgje med på korleis fiskane et og oppfører seg når fleire individ oppheld seg saman. 

Forsøket skal vise om ei kort periode med akklimatisering og fôring gjev dei merkte steinbitane sterkare stadstilhøyrsle enn dersom dei verte sette direkte ut.

illustrasjon av reiserute
Illuastrasjon av transportruta til steinbitane. (Ill: Hans Kristian Strand / Havforskingsinstituttet)
Annonse