Hjem Nyheter 15 millionar til 59 prosjekt for å betre vassmiljøet

15 millionar til 59 prosjekt for å betre vassmiljøet

Av Redaksjonen

Elva Aarslandsåna i Rogaland har vorte reinsa opp etter utslepp frå jordbruk, og det blir etablert kantvegetasjon langs 200 meter av elva. På biletet er frivillig Roy Mæland (t.v.) og rådgivar Maya Runde Stølen i Stavanger kommune.|Foto: Knut Ståle Eriksen

For å betre livet til fisk og andre artar i elvar, innsjøar og kystvatn får 59 prosjekt til saman 15 millionar kroner i år.

– I tillegg til å forbetre vasskvaliteten og livsgrunnlaget til dyr og plantar som lever i ferskvatn og kystområde, kan fleire av prosjekta som har fått støtte redusere lokal flaumfare. Det er ei viktig tilpassing til eit klima i endring, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet. 

HER kan du laste ned oversikt over tildelingene.

 

Søkte om fem gonger pengepotten

Meir enn ein av fire elvar og innsjøar i Noreg har ikkje god nok miljøtilstand, viser overvaking av vasskvaliteten i Noreg som blir koordinert av Miljødirektoratet. Det som påverkar fisk, plantar og andre artar som lever i vatn mest negativt er vasskraftutbygging, miljøgifter, utbygging, framande artar, langtransportert forureining og forureining frå landbruk og avløp. Derfor gir Miljødirektoratet tilskot til kommunar og andre aktørar for å betre miljøtilstanden i vatn. I år var det 178 søkjarar som hadde søknader på totalt 78 millionar kroner. 

– I år vart det søkt om meir enn fem gonger det vi hadde å dele ut til prosjekt som skal betre vassmiljøet rundt om i Noreg. Det var mange svært gode prosjekt, og søkjarane var frå heile landet, seier miljødirektør Ellen Hambro.  

Økonomisk lønnsamt å restaurere natur

Ifølgje Det internasjonale Naturpanelet (IPBES) gir restaurering av natur tilbake 10 gonger beløpet som blir investert, i form av mellom anna auka karbonlagring, dempa flaum og større fiskebestandar.

Prosjekta som no har fått støtte skal mellom anna opne bekker, dempe skadeverknader av flaum, forbetre leveforholda for fisk og andre artar i vatn, og hindre at vatn gror igjen av plantar.

Dei som får midlar er kommunar, interkommunale prosjekt, forskingsinstitusjonar, elveeigarlag og frivillige organisasjonar. 

Døme på tiltak som fekk støtte

Nedanfor er nokre døme blant dei 59 tiltaka som har fått tilskot i år. Midlane frå Miljødirektoratet inngår ofte i eit spleiselag, der også andre aktørar hjelper til med midlar. 

I Rogaland er det gitt støtte til å betre kantvegetasjonen ved elvar og bekker. Rundt 800 lauvtre er planta langs elvebredda til Kvernbekken, Årslandsåna, Ånestadbekken, Hodnafjellbekken, Bøbekken, Sørnesbekken, Brattlandsåna og Gjesdalbekken. Slike kantsoner kan redusere erosjon, gi skjul for fisk og andre vasslevande artar, og kan bety mykje for flaumsikring. Prosjektet har fått midlar gjennom fleire år.

I Barstadvik i Ørsta kommune i Møre og Romsdal er det gitt støtte til eit treårig prosjekt med å tilbakeføre ei eldre flaumslette til den naturlege tilstanden sin. Flaumsletta ligg ved nedre del av Barstadvikelva. Elva er sterkt kanalisert. Kanaliseringa har ført til at flaumslettar og sideløp er heilt avstengd frå elva, og har dermed mista funksjonen sin som flaumdemparar og som leveområde for fisk, plantar og dyr på flaumsletta. I 2016 var det ein omfattande flaum i området, som øydela mykje. Gjenopning av gamle sideløp skal bringe tilbake gyteplassar for laks og sjøaure, samtidig som sideløpa kan skape dammar og leveområde for fugl, amfibium og flaummarkskog.

I Agder er det gitt støtte til eit samarbeid om å betre forholda for sjøaure, mellom kommunane Grimstad, Lillesand, Arendal, Froland, Tvedestrand og Risør. Bekker med sjøaure i dei seks kommunane blir rusta opp med mellom anna gytegrus, og etablering av kulpar og oppvekstområde for sjøauren. Tiltaka vil medføre fleire hundre meter med forbetra forhold for sjørreten. Det er oppretta eit godt samarbeid med Havforskingsinstituttet.

I Stavanger er det gitt støtte til å restaurere det urbane storbyvassdraget Store og Litla Stokkavatnet. Arbeidet starta opp i 2020. Restaureringa vil betre forholda for fisk, samtidig som tiltaket skal vere dempande for dei hyppigaste flaumane og bidra til naturleg restaurering av myrområde i øvre del av vassdraget. Dette vil bidra til å få unike område for fuglar og insekt tilbake.

 

 

 

Strossle

Du vil kanskje like dette også

Legg inn en kommentar

[script_21]

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

This website uses cookies to improve your experience. We'll assume you're ok with this, but you can opt-out if you wish. Aksepter Les mer

Privacy & Cookies Policy