Hjem Fiske Følg kampen mot pukkellaks live på nett i sommar

Følg kampen mot pukkellaks live på nett i sommar

Av Redaksjonen

Pukkellaks. Foto: Statsforvaltaren i Troms og Finnmark/Lars Åke Andersen

 

I sommar vil Miljødirektoratet fortløpande vise på ei eiga nettside kor mange pukkellaks som blir stoppa frå å ta seg opp i norske elvar.

Miljødirektoratet

– Vi ser at mange er spent på korleis det går med å stoppe invasjonen av den uønskte framandarten pukkellaks, som vi forventar at vil komme i stort tal til norske elvar i sommar. No gir vi publikum høve til å følgje med på kampen mot pukkellaks, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

På denne nettsida kan du sjå kor mykje pukkellaks som blir tekne i den organiserte innsatsen mot pukkellaks gjennom sommaren. Det organiserte uttaket av pukkellaks består i hovudsak av fangst i fiskefeller, men også av fangst med garn, nøter, harpun og ved utsortering i laksetrapper. Det er statsforvaltarane i dei ulike fylka som gir oppdrag eller løyve til slikt fiske.

Viktig for forsking og evaluering

Dei som deltek i det organiserte pukkellaksefisket i elvane i sommar vil rapportere fortløpande inn til Miljødirektoratet via ein eigen app. I appen vil dei rapportere om avliva pukkellaks, og dessutan all atlantisk villaks, sjøaure og sjørøye som blir sloppen vidare opp i elvane. Det er lagt inn forseinking på publisering av talet på fisk som blir sloppen forbi, for å gi dei tid til å komme seg opp i elva og verne bestandane mot overfiske.

– Rapportane frå den organiserte kampen mot pukkellaks, saman med rapportane om pukkellaksefangst frå sportsfiske og sjølaksefiske, vil vere svært viktige for både forskarar og evalueringa til styresmaktene av innsatsen mot pukkellaks, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Kan gjere stor skade

Pukkellaks er ein framand art i Noreg, som kan gjere stor skade på lokale fiskeartar og naturmangfaldet. Den kjem opp i elvane for å formere seg annakvart år. No er det to år sidan sist, og då vårt nesten 112 000 pukkellaks fanga og avliva i norske elvar. I år er det forventa mykje pukkellaks.

Miljødirektoratet har hovudansvar for å gjennomføre ein handlingsplan for å få bukt med pukkellaksen. Eit hovudtiltak er å etablere fiskefeller nærte munningen i dei enkelte elvane. Dette gjer det mogleg å sortere ut pukkellaksen før han kjem opp i elva. Dermed vil pukkellaksen verken kunne formere seg, forstyrre sportsfisket eller redusere vasskvaliteten når han rotnar og døyr i elva like etter gyting.

Strossle

Du vil kanskje like dette også

Legg inn en kommentar

[script_20]

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

This website uses cookies to improve your experience. We'll assume you're ok with this, but you can opt-out if you wish. Aksepter Les mer

Privacy & Cookies Policy