Guddalselva: Unikt materiale gir ny kunnskap om rømt oppdrettslaks

Slik såg fiskefella i Guddalselva ut.
Slik såg fiskefella i Guddalselva ut.Fotograf: Monica F. Solberg, Havforskingsinstituttet

Resultata avslører korleis produktiviteten til laks i elv blir påverka av rømt oppdrettslaks over tid.

Havforskningsinstituttet –  Forfatter: Beate Hoddevik

I Guddalselva er det ein forholdsvis nyetablert laksebestand. Den består av  feilvandra laks frå elvar i nærområdet, inkludert fisk som er ei blanding av vill- og oppdrettslaks.  

I perioden frå 2000 til 2021 hadde HI ein forskingsstasjon i elva, den blei brukt til forsking på vill laksefisk i naturlege omgjevnadar.  

– I 2011 observerte vi ei kraftig auke i talet på laks som vandra opp elva. Det sette oss på ideen om at vi ville undersøke korleis produktiviteten til laksen i elva blei påverka av genar frå oppdrettslaks, seier forskar og genetikar Alison Harvey. 

Gjennom 10 år samla forskarane inn data om den totale gytebestanden av laks i elva, og i tillegg frå eit utval av smolten som forlot elva på veg mot beitevandringa i havet. 

– Desse undersøkingane gjorde vi ved å bruke den unike infrastrukturen som var etablert i denne elva, mellom anna fiskefeller.  

Laksen som slapp opp i elva, var laks som ut frå ytre kjenneteikn var vill, men som i nokre tilfelle også hadde oppdrettsgenar.  

Sjekka mengda oppdrettsgen 

Deretter studerte forskarane materialet dei hadde samla inn. 

– Vi sjekka den genetiske blandinga i kvar gytefisk, det vil seie at vi sjekka kor stor del av genane som kom frå rømt oppdrettslaks, seier Harvey. 

Også genane til smolten vart testa, men då for å finne ut kven foreldra var. 

– Sidan vi alt hadde genprøvar frå all gytefisken, kunne vi avdekke kven av dei vaksne fiskane som var foreldre til dei ulike unglaksane. 

Ved hjelp av desse resultata kunne forskarane sjå kva effekt dei innblanda oppdrettsgenane frå foreldrefisken hadde med tanke på neste generasjon. 

Påverka oppdrettsgenane reproduksjonen? 

– Resultata viste at laks med høge blandingsnivå i Guddalselva fekk litt færre avkom enn rein villaks, men det var variasjon mellom enkeltår. Forskjellen mellom laks med eller utan innblanding var ikkje statistisk signifikant, seier Harvey.   

I tillegg viser resultata også at produktivitet i ferskvass- og marin fase var innanfor kva som er observert i andre bestandar, sjølv om overlevelsen til fisken frå Guddalselva i den marine fasen av livet var i det nedre sjiktet for samanliknbare elvar.

Harvey påpeikar at forskarane må ta eit atterhald om at det er få slike data tilgjengelege. Dermed er samanlikningsgrunnlaget lite.  

Rømt oppdrettslaks har negative effektar 

Frå før er det godt dokumentert at rømt oppdrettslaks har blanda seg med villaks i dei fleste norske elvane, og at avkommet deira er dårlegare tilpassa eit liv i naturen enn villaks. I tillegg blir eigenskapar som vekst og alder for kjønnsmodning påverka. 

Ut frå desse funna, er det konkludert med at slik genetisk blanding også vil påverke produksjonen til bestanden over tid slik at den blir svekka – men omfanget av dette er ikkje påvist gjennom forsking. 

Dei nye resultata frå Guddalselva frikjenner ikkje genetisk påverknad frå oppdrettslaksen. 

– Dette er berre eit enkelt forsøk, og det er i tillegg gjort på ein nyetablert bestand som frå start  hadde oppdrettsgen i seg, seier Harvey.  

– Det vi kan seie, er at langtidseffekten på produktivitet i denne nyetablerte bestanden, etter fleire generasjonar med naturleg seleksjon, truleg er svak, men vi kan ikkje trekke nokon konklusjon om at rømt laks ikkje har negativ effekt, seier ho og påpeikar at negative effektar er påvist i fleire tidlegare forsøk.

Annonse