Hjem Fiske Møre og Romsdal: Sjøaure er freda i mars og april

Møre og Romsdal: Sjøaure er freda i mars og april

Av Redaksjonen
Sjøørret

Sjøaure: Foto: Jan Drøpping

Fredinga vart vedteke av Miljødirektoratet i 2021, men Statsforvaltaren ønskjer å sende ei påminning om dette.

Svake sjøaurebestandar i fylket

Bakgrunnen for fredinga er svake sjøaurebestandar i store delar av fylket. 

Ein sjøaure kan bli gammal og ha mange sjøopphald, og det er difor viktig at uttaket ikkje blir for stort.

– Du skal difor ikkje fiske etter sjøaure i mars og april. Dersom du under fiske etter saltvassfisk får sjøaure i desse månadane må du sleppe ut att fisken uansett.

Statens naturoppsyn har oppsyn med at fiskeforbodet blir etterlevd. Dei tek imot tips om ulovleg fiske via Miljødirektoratet si nettside eller direkte på telefon/e-post.

Særlege reglar i Sunndals-, Tingvoll-, Bergsøy- og Batnfjorden

Vi vil og minne om at sjøaure er freda heile året i Sunndals- og Tingvollfjorden ut til Krifast, og at det er lengre fredingstid enn berre mars og april i munningsfredingssoner utanfor elveosar.

Du vil kanskje like dette også

This website uses cookies to improve your experience. We'll assume you're ok with this, but you can opt-out if you wish. Aksepter Les mer

Privacy & Cookies Policy