Hjem Nyheter Nedgang i ulovleg laksefiske – fleire alvorlege lovbrot

Nedgang i ulovleg laksefiske – fleire alvorlege lovbrot

Av Redaksjonen

Statens naturoppsyn (SNO) driv lakseoppsyn langs heile kysten. Ulovlege garn blir inndratt. |Foto: SNO/Miljødirektoratet

Landet sett under eitt har ein nedgang i det ulovlege laksefisket, men aktiviteten er framleis høg i Vestland og Nordland.

MILJØDIREKTORATET

– Det er gode nyheiter at utviklinga innan ulovleg fiske av laks har snudd i store delar av landet. Det viser at tiltaka vi har sett i verk fungerer. Spesielt ser vi at tiltaka i Troms har hatt god effekt med ein stor nedgang i lovbrot dei siste åra, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet og legg til:

– Samtidig ser vi at det er nødvendig å forsterke innsatsen i enkelte område. I år vil derfor nærværet aukast i Vestland og Nordland for å få bukt med den ulovlege aktiviteten.

Slik reageres det på miljøkriminalitet

Miljødirektoratet bruker et bredt spekter av virkemidler for å sørge for at miljøregelverket blir fulgt og følge opp de som bryter det.

Mistenkjer sal

Sjølv om det er ein nedgang i ulovleg laksefiske på landsbasis, blir det gjort fleire grove lovbrot.

– Feltpersonellet vårt i Statens naturoppsyn (SNO) ser at det er fleire alvorlege brot enn før. Garnlenkjene som blir nytta er både lengre og har større maskevidd enn før. Dette er reiskap som er eigna til å fange store mengder fisk på kort tid, seier miljødirektør Hambro og legg til:

– Enkelte av tilfella SNO har avdekt kan tyde på at det er økonomisk motivert fiske.

Mange laksebestandar i Noreg er trua eller har gått tapt. Ulovleg fiske kjem på toppen av andre kjende truslar for laksebestandane.

Miljøstatus for laks i Norge

Mange laksebestander i Norge er truet eller har gått tapt.

Tips fører til oppklaring

Miljødirektoratet får inn stadig fleire tips om ulovleg fiske frå publikum via tipsløysinga vår på nett. Hambro oppmodar alle til å tipse Miljødirektoratet eller politiet viss dei oppdagar mogleg ulovleg fiske.

– Tipsa vi får inn har vore til stor hjelp. Mange av sakene som feltpersonellet vårt har avdekt er på bakgrunn av tips frå publikum. Aukande mengd av tips tyder på at publikum synest det er ugreitt med ulovleg fiske, seier miljødirektør Hambro.

Dersom du er usikker på kva som er regelverket, kan du slå opp på Statsforvaltarens sider i aktuelt fylke eller ta kontakt med SNO i regionen din.

Du kan sende inn tips om ulovleg fiske på Miljødirektoratets nettsider:

Tips Miljødirektoratet om ulovlig fiske

Miljødirektoratet ønsker tips og varslar om moglege ulovlege miljøforhold.

Effektiv og rask respons

SNO starta årets lakseoppsyn før påske, og så langt har dei teke tre ulovlege garn i Vestland, to garn i Nordland, fire garn i Møre og Romsdal, eitt garn i Rogaland og to garn i Agder. Tre personar er melde for ulovleg fiske så langt.

I dei tilfella det blir gjort mindre alvorlege brot på lakse- og innlandsfiskloven, kan SNO gi straffegebyr. Det betyr at den som bryt regelverket får eit administrativt gebyr i staden for å bli meldt til politiet. Dermed vil dei mindre alvorlege lovbrota bli handterte på ein rask og effektiv måte.

I 2022 vart det gitt 27 straffegebyr. Mens dei meir alvorlege tilfella vart melde til politiet.

Strossle

Du vil kanskje like dette også

Legg inn en kommentar

[script_21]

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

This website uses cookies to improve your experience. We'll assume you're ok with this, but you can opt-out if you wish. Aksepter Les mer

Privacy & Cookies Policy