Hjem Fiske Vosso-laksen svekka av oppdrettsgen

Vosso-laksen svekka av oppdrettsgen

Av Redaksjonen

Biletet viser Vossolaks registrert i kilenot.|Foto: Norce

Laks med innblanda gen frå oppdrettsfisk er mindre levedyktig enn villaks i Vossoelva, men fortrengjer likevel villaksen, viser ny studie. 

–  Ein høg del av lakseungar som har mykje oppdrettsgen døyr før dei kjem seg ut i havet frå Vossovassdraget. Dei rekk likevel å ta plass og næring i elva, og dermed hindre den naturlege bestanden i å vekse seg robust, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.

Undersøkte genetisk status

Funna kjem fram i ein ny rapport, som Norsk institutt for naturforsking (NINA) har laga på oppdrag frå Miljødirektoratet. NINA har mellom anna undersøkt genetisk status til laksen i elva Vosso, som tidlegare var ei av dei beste lakseelvane på Vestlandet.

NINA påviste at Vosso-laksen har ei høg innblanding av gen frå rømd oppdrettslaks, og at unge laks med mykje oppdrettsgen i mindre grad enn villaks klarer å overleve til dei blir vaksne.

Oppdrettsgen i genbanken

Vossolaksen har vore trua av utrydding sidan slutten av åttitalet. Det er avdekt at lakselus, rømd laks frå oppdrettsnæringa og påverking frå kraftutbygging er viktige faktorar. For å unngå at den ikoniske laksestammen i Vosso skulle gå tapt, vart det sett i gang ein stor redningsaksjon. Eitt av dei sentrale verkemidla har vore å sikre laksestammen i levande genbank, og setje ut laks derfrå til Vosso. Det er Veterinærinstituttet som har det faglege ansvaret for dei levande genbankane for laks, på oppdrag frå Miljødirektoratet.

Den nye rapporten frå NINA viser at laks frå Vosso som er teken vare på i levande genbank, har hatt ei høgare innblanding av gen frå oppdrettslaks enn ein trudde. Hovudgrunnen til dette er at laksen i Vosso hadde ei sterk innblanding av oppdrettsgen allereie på nittitalet, då ein starta å samle inn stamfisk for å ta vare på villaksbestanden i genbank.

Betre verktøy i dag

Gjennom visuell sjekk, skjelprøver og etter kvart enkle DNA-analysar lukte ein tidlegare ut all laks ein mistenkte kunne ha oppdrettsgen, når fisk vart samla inn til genbanken. Verktøya var ikkje like presise som dagens genetiske analyseverktøy, og den nye NINA-rapporten viser at laksen i genbanken har hatt ein overraskande høg del oppdrettsgen. Dette har redusert effekten av redningsaksjonen for Vossolaksen, fordi fisken med opphav frå genbanken har hatt lågare overleving i vassdraget. Mesteparten av laksen som skulle brukast i redningsaksjonen, var allereie sett ut i elva då dagens genetiske analysemetode vart tilgjengeleg.

Med bruk av både nedfrosen sæd og levande laks frå genbanken, som er kontrollert med dagens meir avanserte analyseverktøy, held arbeidet fram for å redde Vossolaksen.

–  Moglegheita for å lykkast med å redde Vossolaksen vil mellom anna avhenge av at ein unngår at oppdrettslaks vandrar opp i elva, og held fram med å svekkje ein alleua bestand, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Strossle

Du vil kanskje like dette også

Legg inn en kommentar

[script_21]

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

This website uses cookies to improve your experience. We'll assume you're ok with this, but you can opt-out if you wish. Aksepter Les mer

Privacy & Cookies Policy