Hjem Fiske Ber om tips og styrkjer kontroll av laksefiske

Ber om tips og styrkjer kontroll av laksefiske

Av Redaksjonen
salmon laks pixabay

Illustrasjonsfoto: Pixabay

Statens naturoppsyn aukar nærværet, og ber publikum tipse om ulovleg laksefiske etter at fisket i 33 elvar og store sjøområde måtte stengjast.

– Miljødirektoratet styrkjer gjennom Statens naturoppsyn nærværet i dei elvane som er stengde for laksefiske, og i sjøområda knytt til dei same elvane, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro. 

– Felles dugnad å redde laksen 

Den auka innsatsen mot ulovleg laksefiske skjer etter at Miljødirektoratet såg seg nøydde til å stoppe fisket av laks i 33 elvar frå 23. juni, og i sjøen frå svenskegrensa i sør til og med Trøndelag. Så langt i laksesesongen har det vore rekordlåge mengder laks som har komme opp i elvane frå havet, i Trøndelag og sørover.  Stansen i laksefisket vart innført for å sørgje for  at det kjem nok gytefisk opp i elvane, til at det blir nok lakseungar neste år til å føre bestandane vidare. 

– Det er ein felles dugnad å redde den atlantiske laksen vår. Vi ber alle som observerer ulovleg laksefiske både i elv og sjø om å sende inn tips, seier miljødirektør Ellen Hambro. 

Tips-ordning og reaksjonar på miljøkriminalitet 

Publikum kan sende inn tips om ulovleg laksefiske og annan miljøkriminalitet på Miljødirektoratets nettside. Alle tips vil bli behandla fortløpande. 

Miljødirektoratet reagerer med anmeldelser og straffegebyr på ulovleg fiske. Les meir om korleis Miljødirektoratet reagerer på miljøkriminalitet, og sjå statistikk

Ny vurdering tidleg i juli  

Miljødirektoratet gjer ei ny evaluering av innsiget av laks for heile landet i starten av juli, og vurderer behov for tiltak, inkludert dei vassdraga og sjøområda som vart stengde for fiske 23. juni.

Strossle

Du vil kanskje like dette også

Legg inn en kommentar

[script_22]

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

This website uses cookies to improve your experience. We'll assume you're ok with this, but you can opt-out if you wish. Aksepter Les mer

Privacy & Cookies Policy