Hjem Nyheter Informasjon om gyrobekjemping i Driva i 2024

Informasjon om gyrobekjemping i Driva i 2024

Av Redaksjonen

Driva ved Kiklingbrekkbrua. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal / Lars Kringstad

Etter bekjempinga av Gyrodactylus salaris i Driva i 2023, er ikkje parasitten påvist. Likevel vil det i 2024 bli gjennomført supplerande behandling med klor for å sikre at parasitten er utrydda, spesielt i områda ovanfor fiskesperra. Dette skuldast usikkerheit om parasitten framleis er til stades der.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

I august 2023 vart det funne ein laks og to hybrider ovanfor sperra, alle 6 år gamle. Desse er avkom etter siste gyting før sperra sto ferdig. Laksungen hadde G. salaris. I september vart desse områda behandla med klor, og G. salaris er ikkje påvist etter det.

Planen for 2024 inneber behandling av dei fleste lakseførande strekningane både ovanfor og nedanfor sperra. Nytt i år er inkludering av strekninga frå Lønset til sperra, inkludert Grøvu.

Behandlingsplanen startar 15. juli og avsluttast 21. august, med aktivitetar som opprigg, behandling og nedrigg både oppstraums og nedstraums sperra. Behandlingane vil inkludere klordosering i hovudelva og fleire sideelver for å hindre fortynning. Nokre bekker kan òg bli behandla med rotenon for å fjerne all fisk, basert på miljø-DNA-prøvar, observasjonar og fangstopplysningar.

Strossle

Du vil kanskje like dette også

Legg inn en kommentar

[script_20]

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

This website uses cookies to improve your experience. We'll assume you're ok with this, but you can opt-out if you wish. Aksepter Les mer

Privacy & Cookies Policy