God start for pukkellaksfella i den viktige Tanaelva

Pukkellaks som er henta ut og slakta, frå fangstbur i den 400 meter lange fella i Tanaelva. |Foto: Miljødirektoratet

Pukkellaks som er henta ut og slakta, frå fangstbur i den 400 meter lange fella i Tanaelva. |Foto: Miljødirektoratet

Pukkellaksfella i Tanaelva har på under to veker teke dobbelt så mykje pukkellaks som vart fanga i elva under heile den førre invasjonen i 2023.

– Tanaelva er ei av dei viktigaste lakseelvane i verda. Pukkellaksen er ein trussel mot atlantisk villaks, og det er svært positivt at pukkellaksefella så langt ser ut til å fungere godt. Her er det lagt ned mykje arbeid i forkant, med bidrag frå både lakseforskarar og lokale fiskarar. Den tette overvakinga gir tryggleik for at både villaks og andre lokale artar i elva blir varetekne, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen. 

– Førebels ser den 400 meter lange pukkelaksfella i Tana ut til å fungere godt. Pukkellaks blir teken ut og slakta medan mykje atlantisk laks og andre lokale artar har vorte sleppt uskadd vidare, seier direktør i Miljødirektoratet, Hilde Singsaas.

Halvparten av pukkellaksen tekne i Tanaelva

Så langt er totalt 29 000 pukkellaks fanga i elvane med pukkellaksfeller, mesteparten i Finnmark. Av desse er nesten 13 300 tekne ut i Tanaelva, som blir rekna som ei av dei viktigaste lakseelvane i verda. Førebels er det små førekomstar av pukkellaks elles i landet.

Veterinærinstituttet driftar fella i Tanaelva på oppdrag frå Miljødirektoratet.  Ein viktig jobb er å sørgje for at atlantisk villaks og andre lokale artar kjem seg forbi fella. Veterinærinstituttet får hjelp av Norsk institutt for naturforsking (NINA), Mohn Tecnology og det finske naturressursinstituttet, Luke, i ei omfattande overvaking av villaksen i området ovanfor og nedanfor fella ved Seida i Tana. Overvakinga gir viktig informasjon for å vurdere behov for ekstra tiltak for å sleppe forbi villaks, som står nedanfor fella. I tillegg til villaks blir også dei andre lokale fiskeartane sortert ut frå pukkellaksen i fangstbura. Begge delar har så langt fungert godt.

– Det er svært viktig å lykkast med å stoppe pukkellaksen frå å gå opp og formeire seg i Tanaelva, for elva har eit stort potensial til å produsere pukkellakseyngel. Samtidig er det teknisk komplisert, sidan elva er 400 meter brei der fella står. I 2023 stoppa vi berre ein liten del av dei rundt 170 000 pukkellaksane som sumde opp i Tana-elva. Det ser førebels ut til at den nye fella, som er plassert på ny stad i elva, fungerer langt betre, seier miljødirektør Hilde Singsaas.

Annonse

1 kommentar

Kommentarer er stengt.