Hjem Fiske Oppsving i elvefisket i Møre og Romsdal i 2022

Oppsving i elvefisket i Møre og Romsdal i 2022

Av Redaksjonen

Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Laksefisket tok seg opp i fleire av elvane i fylket i 2022. Det vart rapportert inn samla fangst av laks på 37,5 tonn. Dette er 16 tonn meir enn det svake året i 2021.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Sjølaksefisket var stengt i heile Møre og Romsdal i 2022, med unntak av Sunndals- og Tingvollfjorden. Her vart det fiska 4,3 tonn laks.

Flest laks fiska i Bondalselva

Ein nedbørrik sommar gav godt fiske i ein del flaumelver, særleg på Sunnmøre. Flest laks vart fiska i Bondalselva med 1035 laks, med Rauma som nummer to med 837 laks og Surna med 812 laks. Åheimselva hadde truleg den historisk sett beste fangsten med 772 laks og enda fleire gytelaks. I vekt var Rauma på topp med 4,5 tonn, fylgt av Surna med 4 tonn og Driva på 3,6 tonn. Osenvassdraget hadde også ein god sesong med 1,7 tonn laks. Klart flest laks vart gjenutsett i Rauma med 704 laks.

Låg fangst av sjøaure

Sjøaurefangsten i fylket kom på 3,2 tonn mot 2,8 tonn i 2021, og er framleis på eit lågt nivå. Det vart avliva 1,8 tonn og gjenutsett 1,4 tonn. Eira med Eikesdalsvatnet hadde størst sjøaurefangst med 481 kilo, fylgt av Driva med 398 kilo (alt gjenutsett) og Surna med 220 kilo.

I 2022 var 69 elver i fylket opne for fiske etter laks og/eller sjøaure. Alle leverte fangstrapport (www.fangstrapp.no). Fangststatistikk i kombinasjon med registreringar av gytebestand gir verdfull kunnskap om bestandssituasjonen i det enkelte vassdrag, og gode føringar for vidare forvaltning.

Viser søyler over fangst av laks i elvane i møre og Romsdal 2000-2022
Fangst av laks i elvane i møre og Romsdal 2000-2022

Fangst i vassdraga i 2022 (kilo)

LAKS:

Nedanfor er ei oversikt over dei 10 vassdraga med størst rapportert fangst av laks (avliva + utsett) i 2022. Tala viser totalt kilo laks, og tala i parentes tal i kilo avliva laks/tal i kilo utsett laks.

1.

Rauma, Rauma:

4502 (745/3757)

2.

Surna, Surnadal:

4035 (3280/755)

3.

Driva, Sunndal:

3654 (3601/53)

4.

Bondalselva, Ørsta:

3147 (3147/0)

5.

Eira m/Eikesdalsvatnet, Molde:

2093 (920/1173)

6.

Åheimselva, Vanylven:

1781 (1751/30)

7.

Osenvassdraget, Molde:

1728 (1686/42)

8.

Korsbrekkeelva, Stranda:

1682 (1682/0)

9.

Stordalselva, Fjord

1614 (1570/44)

10.

Strandaelva, Stranda:

1470 (1470/0)

SJØAURE: 

Viser søyler med fangst av sjøaure i elvefiske i Møre og Romsdal 2000-2022
Fangst av sjøaure i elvefiske i Møre og Romsdal 2000-2022

Nedanfor er ei oversikt over dei 10 vassdraga med størst rapportert fangst av sjøaure (avliva + utsett) i 2022. Tala viser totalt kilo sjøaure, og tala i parentes tal i kilo avliva sjøaure/tal i kilo utsett sjøaure.

1.

Eira m/Eikesdalsvatnet, Molde:

481 (293/188)

2.

Driva, Sunndal:

398 (0/398)

3.

Surna, Surnadal:

220 (17/203)

4

Nåsvassdraget, Hustadvika:

208 (167/41)

5.

Vatneelva, Ålesund

205 (205/0)

6.

Søya, Surnadal:

180 (160/20)

7.

Oselva, Vanylven

157 (157/0)

8.

Brusdalsvassdraget, Ålesund:   

124 (124/0)

9.

Hustadelva, Hustadvika:

113 (58/55)

10.

Rauma, Rauma:

106 (0/106)

Fangst i vassdraga i 2022 (tal fisk)

LAKS: Nedanfor er ei oversikt over dei 10 vassdraga med størst rapportert fangst av tal laks (avliva + utsett) i 2022. Tala viser totalt tal laks, og tala i parentes tal avliva laks/tal utsett laks

1.

Bondalselva, Ørsta

1035 (1035/0)

2.

Rauma, Rauma:

837 (133/704)

3.

Surna, Surnadal:

812 (626/186)

4.

Åheimselva, Vanylven:

745 (722/23)

5.

Driva, Sunndal:

689 (675/14)

6.

Osenvassdraget, Molde

613 (597/16)

7.

Korsbrekkeelva, Stranda:

477 (477/0)

8.

Eira m/Eikesdalsvatnet, Molde:

475 (219/256)

9.

Stordalselva, Fjord

466 (438/28)

10.

Aureelva, Sykkylven

448 (412/36)

1.

Eira m/Eikesdalsvatnet, Molde:

401 (229/172)

2.

Vatneelva, Ålesund:

252 (252/0)

3.

Surna, Surnadal:

191 (10/181)

4.

Nåsvassdraget, Hustadvika:

165 (126/39)

5.

Driva, Sunndal:

164 (0/164)

6.

Hustadelva, Hustadvika:

159 (72/87)

7.

Oselva, Vanylven

154 (154/0)

8.

Søya, Surnadal:

106 (87/19)

9.

Åheimselva, Vanylven

74 (50/24)

10.

Rauma, Rauma:

71 (0/71)

Strossle

Du vil kanskje like dette også

Legg inn en kommentar

[script_21]

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

This website uses cookies to improve your experience. We'll assume you're ok with this, but you can opt-out if you wish. Aksepter Les mer

Privacy & Cookies Policy