Hjem FiskeLaksefiske Pukkellaks-felle på plass i Tana frå slutten av juni

Pukkellaks-felle på plass i Tana frå slutten av juni

Av Redaksjonen

Seniorrådgivar Eirik Frøiland i Miljødirektoratet viser fram ein pukkellaks. Foto: Lars Åke Andersen/Statsforvaltaren i Troms og Finnmark

Med ny fiskefelle i Tanaelva er håpet å fange mesteparten av pukkellaksen som kjem i år. Det blir folkemøte i Tana bru om planane 24. mai.

MILJØDIREKTORATET

– Vi reknar det realistisk å kunne fange ein stor del av pukkellaksen som kjem i dette første året med felle i Tana. Samtidig er det mange usikre faktorar som vêrforhold og vassføring, kor godt fella fangar og kor mykje pukkellaks som kjem, slik at det er vanskeleg å anslå eksakt, seier Roar Sandodden i Veterinærinstituttet, som leier prosjektet på oppdrag frå Miljødirektoratet.

– Prøveår

Den uønskte framandarten pukkellaks kjem til elvane i Nord-Noreg annakvart år. I sommar er det venta mange. På grunn av at Tanavassdraget har eit stort potensial for produksjon av atlantisk laks, og har høg vassføring, er det ekstra krevjande å kontrollere og fange pukkellaks i elva. Sterkt reduserte bestandar av atlantisk laks dei seinare åra medfører ei ekstra utfordring, då pukkellaksen må takast ut utan at det går ut over den lokale laksen.

– Det er viktig å understreke at dette vil vere eit prøveår. Uansett kor mykje pukkellaks vi lykkast med å hindre frå å gå opp i elva så er det viktig å få testa ut korleis ein slik fellekonstruksjon vil fungere i Tana. Prosjektet vil gi nyttig erfaring for å løyse pukkellakseutfordringa også i andre stsdrag, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.

Klar frå 24. juni

Det blir teke sikte på at fiskesperra i Tana skal vere operativ frå 24. juni. Den blir sett opp ved Seidaholmen, like nedanfor Tana bru. Lokale ressurspersonar og innleigd entreprenør vil vere dei viktigaste aktørane for å setje opp fella, som skal driftast av opp mot 30 kortidsanasatte personar i sommar. Miljødirektoratet vil vere formell arbeidsgivar for mellombels tilsette.

– Ei felle av denne typen har ikkje vorte bygd i Noreg tidlegare, så det er eit nybrotsarbeid. Sjølve fangstinnretninga og utstyr for å sortere ut og avlive pukkellaks vil plasserast på ein flåte ute i elva, seier Roar Sandodden.

–  Håpar naturen speler på lag

Det går no føre seg eit grundig arbeid for å få på plass alt det tekniske, utarbeide prosedyrar og planleggje tryggleik for dei som skal røkte fella. Ikkje minst vil vassføringa i sommar påverke både når det er trygt å setje opp fella, og den daglege drifta.

–  Vi håpar at naturen speler på lag med oss, slik at vi kan arbeide under relativt stabil vassføring. Vi har teke høgd for vassføringsendringar gjennom sommaren, men dersom det kjem ein større flaum må vi i verste fall vurdere å ta fella ut av drift i ein periode, seier Sandodden.

Ope informasjonsmøte 24. mai

Norsk institutt for naturforsking vil saman med Naturressursinstituttet i Finland overvake korleis dei lokale artane oppfører seg i møtet med fella, slik som den atlantiske laksen. Samtidig som pukkellaksen skal takast ut vil felleløysinga vere innretta slik at oppvandring og nedvandring av atlantisk laks og andre lokale artar ikkje blir forstyrra unødig. Det vil bli brukt både video og sonar for å overvake dei lokale fiskeartane og pukkellaks.

Miljødirektoratet vil saman med Veterinærinstituttet arrangere eit ope informasjonsmøte i Tana bru 24. mai klokka 18-21. Målgruppa for møtet er den norske og finske lokalbefolkninga, og møtet blir tolka mellom norsk og finsk.

Strossle

Du vil kanskje like dette også

Legg inn en kommentar

[script_21]

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

This website uses cookies to improve your experience. We'll assume you're ok with this, but you can opt-out if you wish. Aksepter Les mer

Privacy & Cookies Policy