Hjem Fiske Pukkellaksen må stoppast i store elvar neste år

Pukkellaksen må stoppast i store elvar neste år

Av Redaksjonen

Pukkellaks rotnar og døyr i elvane etter at dei har formeira seg. Den kjem i stort tal til norske elvar annakvart år, neste gong i 2025. Biletet er frå Grense Jakobselv, og kan brukast av pressa i samband med denne saka. |Foto: Malin Solheim Høstmark/Statsforvaltaren i Troms og Finnmark

Pukkellaks må stoppast i dei største elvane, slik ein klarte i mange små og mellomstore elvar i fjor, konkluderer Miljødirektoratet etter evaluering.

– Fram mot neste pukkellaksinvasjon i 2025 vil vi teste ut forbetringar og nye plasseringar av fiskefeller, for å lykkast med å stoppe pukkellaksen også i store elvar som Tana og Alta. Vi prøver også kunstig intelligens for å sortere ut pukkellaksen, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.

Mogleg å hindre pukkellaksen

Pukkellaks er ein skadeleg og uønskt framand art i Noreg, som døyr og rotnar etter å ha formeira seg. Den kjem til elvane i Noreg i stort tal annakvart år, og kan utgjere ein trussel mot lokale fiskeartar, vasskvalitet og anna naturmangfald.

Basert på fangsttal frå 2023 blir det rekna med at talet på pukkellaksar i norske elvar var to til tre gonger høgare enn ved førre pukkellaksinvasjon to år tidlegare. Anslaget er basert på fangsttal frå sjø og elv, og dessutan auken i elvar der det ikkje vart sett opp feller. Det vart gjort tiltak for å stoppe pukkellaksen i til saman 94 elvar, hovudsakleg i Troms og Finnmark der pukkellaksen førebels er mest talrik.  Ei ny evaluering viser at nesten all pukkellaks vart effektivt fjerna i mange små og mellomstore elvar. Totalt vart 250 000 pukkellaksar hindra frå å ta seg opp i elvane i 2023.

– Det at ein kvart million pukkellaksar vart hindra i å formeire seg kan bety at vi reduserer den neste invasjonen med mange hundre tusen, og kanskje millionar av pukkellaksar. Samtidig er det klart at vi må lykkast betre i dei største elvane, seier Ellen Hambro. 

I elvane der ein lykkast best kom fellene på plass i tide, utstyret var tett og solid nok, fellene stod på rett stad i elva, det var tilsett nok folk til å sortere fisken, og den døde pukkellaksen vart frakta bort og utnytta til mat og andre formål. Det gjekk ikkje like bra i alle elvar, og rapportane peikar på fleire forbetringspunkt som Miljødirektoratet allereie følgjer opp. 

I tillegg til effektiv fangst av pukkellaks gir evalueringa råd om korleis ein kan unngå at fisk blir skadd i møte med fellene. Den ser også på i kva grad fellene har forstyrra vandringa til dei fiskeartane som høyrer heime i Noreg. Kartleggingar som er gjorde påviser ikkje vesentlege forstyrringar. Evalueringa peikar på at det trengst meir kunnskap om korleis fellene påverkar vanleg laks, sjøaure og sjørøye.

Startvanskar i  “den viktigaste” lakseelva i verda

For første gong vart det bygd ei felle som skulle hindre pukkellaksen i å ta seg opp i verdas kanskje viktigaste lakseelv, Tana.

– Tana er det største laksevassdraget i Nord-Noreg, noko som gjer det ekstra krevjande å byggje ei effektiv felle for å fjerne pukkellaksen. Derfor var det viktig å komme i gang med eit første forsøk på å drifte ei slik større felle i Tana i 2023, seier Hambro. 

Sonarovervaking tyder på at nærare 170 000 pukkellaksar klarte å komme seg opp i Tana. 7666 pukkellaksar vart fanga i fella. Det viste seg raskt at fisken klarte å trenge seg gjennom eit leiegjerde som skulle føre han inn i fella.

– Sjølv om vi ikkje er fornøgde med fangsten i Tana i 2023 lærte vi mykje om både kva som fungerte og ikkje fungerte, og vi er i gang med å planleggje å teste ut nye løysingar allereie i 2024 med sikte på ei ny og forbetra felle til 2025. Erfaringane vil hjelpe oss med å finne måtar å stoppe pukkellaksen også i andre store lakseelvar, slik som Altaelva, seier Hambro. 

I tillegg til Tana planlegg ei ekspertgruppe oppretta av Miljødirektoratet å teste ut tekniske løysingar i Altaelva no i år, med tanke på å etablere ei pukkellaksefelle der før pukkellaksinvasjonen i 2025.

Strossle

Du vil kanskje like dette også

Legg inn en kommentar

[script_24]

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

This website uses cookies to improve your experience. We'll assume you're ok with this, but you can opt-out if you wish. Aksepter Les mer

Privacy & Cookies Policy