Hjem Nyheter Risikerer fengselsstraff etter miljøsvindel

Risikerer fengselsstraff etter miljøsvindel

Av Redaksjonen

50 000 fritidsbåtar har vorte forhindra frå å forsøple naturen. No viser det seg at fleire har prøvd å svindle til seg pengar frå Miljødirektoratets tilskotsordning. Illustrasjonsfoto: Miljødirektoratet

Miljødirektoratet har meldt fleire personar for å ha levert falske søknader om tilskot for kasserte fritidsbåtar.

– Vi har vore nøydde til å melde fleire personar for å ha sendt inn falske tilskotssøknader på innleverte båtar. Denne ordninga har som mål å rydde opp i eit stort forsøplingsproblem. Då er det leitt at nokon utnyttar systemet på denne måten, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Vrakpantordninga gir eit tilskot på 1 000 kroner til alle som leverer inn kasserte fritidsbåtar til eit godkjent avfallsmottak. Ordninga vart innført i 2017, og har sidan då bidrege til å samle inn og behandle over 50 000 båtar som hadde eller kunne ha enda opp som forsøpling i naturen.

Kontroll av søknadene – fleire melde og straffa

Miljødirektoratet har avdekt at nokon utnyttar systemet og sender inn falske søknadsskjema på innleverte båtar. Dette er bedrageri og dokumentfalsk, som kan straffast med bøter eller fengsel. Miljødirektoratet har dei siste månadene meldt fleire personar for dette.  Sakene er under etterforsking hos politiet. Tidlegare har to personar fått fengselsstraff og har vorte dømt til å betale erstatning til Miljødirektoratet for misbruk av vrakpantordninga.

Miljødirektoratet har rutinar for kontroll av søknader som kjem inn, og melder når det er grunn til å mistenkje lovbrot.

Forhindrar miljøgifter og mikroplast

Kasserte fritidsbåtar kan innehalde delar som er skadelege for miljøet. Og det kan vere farlege stoff i båten, som til dømes botnstoff i skrog. I tillegg er dei fleste fritidsbåtar i Noreg laga av komposittmateriale. Dette er materiale som er samansette av fleire ulike materiale, ofte plast. Dumping av slike båtar vil føre til nedbryting som over tid fører til mikroplast i grunnen og i havet.

– Ved å samle inn og behandle båtar som skal kasserast, hindrar vi at menneske og natur blir eksponert for farlege miljøgifter og mikroplast frå båtar som blir etterlatne. I tillegg vil materialgjenvinning og energiutnytting av båtane redusere klimagassutslepp og gi andre positive miljøeffektar, seier miljødirektør Ellen Hambro.  

Fakta

Kva båtar kan få vrakpant?

  • Ein fritidsbåt er eit fartøy til sports- og fritidsbruk med skroglengd inntil 15 meter (49,21 fot), uavhengig av totalvekt, og som blir brukt utanfor næringsverksemd.
  • Mindre fartøy som seglbrett, kano, gummibåt med skrog og kajakk, inngår i tilskotsordninga.
  • Ordninga gjeld berre for båtar som er kasserte eller skal kasserast. Det vil seie at dei ikkje lenger er i bruk, og at eigaren derfor har kvitta seg med båten eller skal kvitte seg med han.

Båtar kan leverast heile året, men søknad må sendast i perioden 1. januar til 1. desember.

Strossle

Du vil kanskje like dette også

Legg inn en kommentar

[script_21]

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

This website uses cookies to improve your experience. We'll assume you're ok with this, but you can opt-out if you wish. Aksepter Les mer

Privacy & Cookies Policy