Hjem Fiske Rekordstore tiltak for å stoppe pukkellaksen i sommar

Rekordstore tiltak for å stoppe pukkellaksen i sommar

Av Redaksjonen

Pukkellaks. Foto: Satsforvaltaren i Troms og Finnmark/Lars Åke Andersen

Nesten alle dei mest lakseproduserande elvane i Finnmark skal sperrast i eit forsøk på å stoppe framandarten pukkellaks i sommar.

MILJØDIREKTORATET

– I Finnmark vil dei flsdrag mellom Hammerfest og Grense Jakobselv med eit vesentleg potensial for lakseproduksjon bli freista sperra av for pukkellaks i sommar. I tillegg planlegg vi å kartleggje og fange den uønskte framandarten i ei rekkje små elvar og bekker i det same området, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.

Vest for Hammerfest er det gitt tilskot til å kartleggje og fjerne pukkellaksar i 25 elvar til. 16 av desse er i Troms.

Statleg finansierte tiltak

Til sommaren er det venta at store mengder av den framande og uønskte arten pukkellaks vil prøve å ta seg opp i elvar i Finnmark og deler av Troms.

– Ein stor auke i løyvingar over statsbudsjettet dei to siste åra har gitt oss høvet til å setje i verk meir omfattande tiltak i langt fleire elvar og med betre utstyr enn i det førre pukkellaksesåra 2021. Det gir oss eit mykje betre høve til å få kontroll på pukkellaksen enn vi hadde for to år sidan, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Ein annan stor forskjell frå 2021 er at dei lokale foreiningane i Finnmark er gitt økonomiske midlar til å kunne tilsetje lønt personell, gjennom kontraktar med Statsforvaltaren i Troms og Finnmark. I 34 av dei mest utsette elvane mellom Hammerfest og Grense Jakobselv er det no planar om kamp mot pukkellaks.

Ikkje prøvd i så stort omfang tidlegare

Det har ikkje vore prøvd på kamp mot pukkellaks i tilsvarande omfang tidlegare, både når det gjeld talet på tiltak og geografisk spreiing. Strategien med å sperre av elvane byggjer på den nasjonale handlingsplanen for kamp mot pukkellaks.

– Vi har følgt råda vi har fått frå den nasjonale kompetansegruppa for pukkellaks, og tiltak i dei enkelte vassdraga har vi planlagt og førebudd i samarbeid med grunneigarar, lokale jeger- og fiskeforeiningar, bygdelag og idrettslag, seier Hambro.

Utfordrande i dei største elvane

Dei største elvane er ekstra utfordrande å hindre pukkellaksen å komme seg opp i, på grunn av blant anna stor breidd, djupn, vassføring og mengda fisk. Neidenelven i Sør-Varanger er ein av desse. Der skal pukkellaksen stoppast i laksetrappa i Skoltefossen. Pukkellaksen får då svært avgrensa område å gyte på nedanfor Skoltefossen, og i desse områda vil han nedkjempast med garn.

I Tanavassdraget har Miljødirektoratet gitt Veterinærinstituttet oppdraget med å leie arbeidet med å etablere ei fiskefelle. Der skal all fisk leiast inn i det austre løpet ved Seidaholmen. Ved hjelp av videoovervaking og eit slusesystem med fleire moglegheiter for sortering skal pukkellaksen takast ut, og den atlantiske laksen blir sleppt vidare.

– Det er med stor audmjukskap vi har teke på oss dette oppdraget. Vi jobbar hardt for å ta ut så mykje pukkellaksar som mogleg, utan å skade den atlantiske laksen, seier prosjektleiar hos Veterinærinstituttet, Roar Sandodden.

For Altaelva og andre store vassdrag lenger sør vil ein lære av erfaringane frå Tanaelva, med tanke på framtidige tiltak. I år vil Alta Laksefiskeri Interessentskap ta ut pukkellaks med garn og nót.

Pukkellaksen venta i slutten av juni

Mykje utstyr skal på plass i dei ulike elvane innan pukkellaksen kjem, truleg i siste halvdel av juni.

– Det blir laga fiskefeller og anna utstyr i Vadsø, Bodø, Trondheim, Bryne og California, og det er mange som jobbar hardt for å få dette utstyret fram til rett elv i tide. Vi er spent på korleis vårflaumen går, for fellene kan først monterast etter at flaumen er over, seier Hambro.

Du vil kanskje like dette også

This website uses cookies to improve your experience. We'll assume you're ok with this, but you can opt-out if you wish. Aksepter Les mer

Privacy & Cookies Policy