Hjem FiskeHavfiske Skal satellittmerke 20 makrellstørjer: Leitinga er i gang

Skal satellittmerke 20 makrellstørjer: Leitinga er i gang

Av Redaksjonen

Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet

– Dette er merkebåten. Team 13 har observert makrellstørje i overflata.

Slik laud meldinga på VHF-radioen etter fire timars fiske den første dagen i prosjektet. Samtidig gjorde fleire båtar i Øygarden heilomvending og flokka seg til same posisjon.

HI skal nemleg sette satellittmerke på 20 makrellstørjer i vestnorske farvatn. Forskarane står for merkinga, og rundt 70 spesielt utvalde stongfiskarar står for fiskinga av formel-1-fisken som kan bli opptil 400 kilo.

Å fange makrellstørja på stong er den mest skånsame metoden når dei enorme fiskane skal settast ut att.

Ferdsskrivar sender data heim

– Pop-up-merket slepper taket frå størja etter 365 dagar. Det er ein ferdsskrivar som samlar inn data om djup, temperatur og lysnivå som den sender heim via satellitt, fortel prosjektleiar Keno Ferter.

– Etter eit komplisert reiknestykke, får vi unike data om vandringa til individuelle makrellstørjer.

Verdas største tunfisk er tilbake på årleg sommarbeite i Norge, etter lang tid med fråvær som følge av internasjonalt overfiske og dårleg rekruttering. Størjebestanden betra seg kraftig etter at forvaltninga i den atlantiske tunfiskkommisjonen ICCAT tok tøffe grep for ti år sidan.

Det er ICCAT som spanderer dei 20 satellittmerkene, mens HI gjer jobben med å få dei plassert. Merkinga vil ikkje gjere innhogg i fiskekvoten, ettersom målet er å sette ut att storfiskane i fin form. Prosjektet går inn i eit allereie betydeleg norsk forskingsbidrag på den nye gamle arten.

– Forskingsdugnad er vinn-vinn

Fredag 24. august var første fiskedag. Fem lag stongfiskarar frå fjern og nær var på plass i Øygarden utanfor Bergen. Fleire kjem til etter kvart.

Gjennom søknad har dei måtte dokumentere at dei har eigna utstyr, kompetanse og innstilling for å få vere med. Dei bidrar i rein forskingsdugnad. Norges jeger- og fiskerforbund er samarbeidsorganisasjon i prosjektet og bidrar som bindeledd mot fiskarane.

– Dette er ein vinn-vinn-situasjon. Det er ikkje lov å fange makrellstørje på stong i Norge, men desse fiskarane får lov til nettopp det gjennom å vere verktøy i forskinga. Vi er takknemlege for at dei kjem langt med båt og utstyr for å bidra. For dette krev unik kompetanse, seier Keno Ferter.

– Eit heilt liv har eg drøymt om å få moglegheit til å fiske etter makrellstørje. Eg grugleder meg vilt til dette, sa stongfiskar Asmund Aasheim like før startsskotet fredag.

Prosjektleiar Keno Ferter bemannar merkebåten saman med merkeekspert Sean Tracey frå Tasmania.
Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Lang helg enda i halvtime med høgspenning

For best dyrevelferd, skal dei store fiskane inn til båtripa så raskt som mogleg. Det gjer at utstyret må vere ekstra grovt. Eitt av minimumskrava i utlysinga var for eksempel ein halv kilometer fiskesnøre på snella.

Fakta om makrellstørje

Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Latinsk navn: Thunnus thynnus

Familie: Scombridae (makrellfamilien)
Gyteområde: Østleg makrellstørje gyter i varme farvann (> 24°C) på spesifikke og område i Middelhavet rundt Balearene, Sicilia, Malta, Kypros, og libyske farvatn.
Oppvekstområde: Middelhavet, kysten av Portugal og Biscaya
Størrelse: > 3 m og større enn 500 kg
Levetid: maksimalt > 30 år men sjelden eldre enn om lag 20 år
Føde: Krepsdyr, småfisk og blekksprut som ung, deretter stimfisk som makrell, sild, ansjos, tobis og brisling som vaksne.​​​​​​​

Jarle Olsen fekk kontakt med stor fisk på søndag.
(Foto: Aslak Brækken / HI)

Gjennom helga har dei første laga fiska hardt og lenge med fleire ulike metodar (sjå faktaboks). Dei har gjort fleire observasjonar av makrellstørje både i overflata og på ekkolodd. Nærmast kom truleg lag 11 på søndag, som etter ein dag med dorging rapporterte til HI sin merkebåt over radioen at dei hadde napp.

Etter ein halvtimes kamp og utras på 300 meter, gjekk fisken dessverre av. Dette blei ein viktig moralboost til både stongfiskarar og forskarar i den vidare leitinga i Øygarden.

Fiskemetodar

  • Chumming: Stongfiskarane ligg lenge på same posisjon, gjerne «ankra» med gps-styrt motor, og fôrar med makrellbitar. Dette skal få størja i spisemodus. Samtidig har dei ute ein krok med agn på. Også populært blant måkene.

  • Dorging: Båten går med fart og drar eit byttedyr etter seg. Det kan vere falskt (for eksempel av gummi) eller daudt agn som er rigga til å se levande ut i fart.Green-sticking: Ein form for dorging der fiskarane trekker falskt agn etter seg i overflata. Bak heng eit falskt rovdyr som ser ut som det jagar agnet. Det lagar mykje bråk og støy i vasslata og skal trigge konkurranseinstinktet i makrellstørja.

  • Green-sticking: Ein form for dorging der fiskarane trekker falskt agn etter seg i overflata. Bak heng eit falskt rovdyr som ser ut som det jagar agnet. Det lagar mykje bråk og støy i vasslata og skal trigge konkurranseinstinktet i makrellstørja.

Siste undervegsrapport frå prosjektleiar Keno Ferter:

27. august 2018

  • Fisket begynte kl. 8
  • 4 båter deltok, hvorav to nye (Team 8 og 12)
  • Som i går var det vanskelige forhold i begynnelsen, men vinden la seg etter hvert
  • Det var veldig god sikt og relativt flatt hav
  • Motivasjonen var på toppen gjennom hele dagen, og både chumming og dorging ble prøvd
  • Kl. 16 kom det inn en observasjon av 10-15 størje i overflaten på østsiden av Fedje via HIs rapporteringsskjema: http://mform.imr.no/view.php?id=83147
  • Merkebåten var på stedet etter 10 min for å sjekke situasjonen men da var det allerede over
  • Noen av båtene store signaler på ekkoloddet gjennom dagen, men mindre aktivitet enn de andre dagene
  • P.g.a. fine værforhold ble fisket utvidet til kl. 19:30
  • Team 11 så mest sannsynlig en eller to størje i overflaten på sen ettermiddag
  • Ingen hadde napp

26. august 2018

  • Fisket begynte kl. 07.00
  • 5 båter deltok
  • Vanskelige forhold, store dønninger på vestsiden av Øygarden
  • Ingen størje i overflaten, men noen få signaler på ekkoloddet.
  • Det ble fisket både på østsiden og vestsiden av Øygarden.
  • Kl. 17:20 ringte Team 11 til merkebåten og ga beskjed at de hadde en fisk på.
  • Kl. 17:36 mistet Team 11 fisken etter 30 min kamp.
  • Fisken tok ca. 300 m med snøre og raste ut under overflaten. Kroken ble tapt og fortommen hadde småskader på ca. 4 meter fra kroken. Dette var en veldig stor fisk. Fisken bet på dorging med dødt agn.
  • Team 11 fortsatte å fiske fram til 19.30
  • Ingen flere napp

Strossle

Du vil kanskje like dette også

Legg inn en kommentar

[script_21]

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

This website uses cookies to improve your experience. We'll assume you're ok with this, but you can opt-out if you wish. Aksepter Les mer

Privacy & Cookies Policy