Hjem Forskning Klimaendringar truleg årsak til mindre Gjende-aure

Klimaendringar truleg årsak til mindre Gjende-aure

Av Redaksjonen

Auka smelting frå isbreane har medført meir breslam og mindre sikt i vatnet i Gjende (til venstre), noko som gjer det vanskelegare for fisken å finne mat. Biletet er teke frå Besseggen. Foto: Arve Danielsen/Fjuken

Auren blir færre og magrare i Gjende. Mindre sikt på grunn av bresmelting hindrar matjakta til fisken, og viktige insekt ho et er sterkt redusert.

MILJØDIREKTORATET

– Dei siste åra har det komme bekymringsmeldingar om auren i Gjende. Fangstane har gått merkbart ned, og fisken har til dels vore mager. Dette har vore situasjonen særleg etter 2018. No blir observasjonane stadfesta om den negative utviklinga for auren i Gjende, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.

I ein ny rapport finansiert av Miljødirektoratet, har Norsk institutt for naturforsking (NINA) gått gjennom alle tilgjengelege fiskedata frå Gjende heilt tilbake frå tidleg på 1900-talet. Materialet omfattar både vitskaplege undersøkingar og observasjonar gjort av fiskarar. Aure er einaste fiskeart i det høgtliggjande vatnet, som ligg nesten 1000 meter over havet i hjartet av Jotunheimen.

Ser ikkje maten

Rapporten konkluderer med at auka smelting frå breane har medført meir breslam og mindre sikt i vatnet i Gjende. Fisk bruker synet for å finne mat, og auren i Gjende er kjend for å beite på planktonkrepsdyr som lever i dei frie vassmassane i innsjøen. Mindre sikt vil derfor vere negativt for jakta til fisken på mat. Vasstemperaturen i utløpet av Gjende har ifølgje rapporten auka med 2,5 grader i august månad i perioden 1995-2020.

Rapporten trekkjer også fram at Gjendeflua, ein insektart av knottfamilien som auren et mykje av, har vorte sterkt redusert dei seinare åra. Gjendeflua er karakteristisk for området ved Gjendes utløp som blir kalla Gjendeosen, og tilbakegangen av dette insektet har gått utover fisket dei siste åra. Når Gjendeflua klekkjer på seinsommaren er den viktig føde for auren i Gjende.

Vil følgje utviklinga

Gjende er med i Miljødirektoratets overvakingsprogram for store innsjøar, kalla ØKOSTOR.

– Utviklinga for aurebestanden i Gjende vil bli følgt opp av Miljødirektoratet i åra framover. Dei siste års utvikling i Gjende er svært viktig å følgje med på i lys av dei pågåande klimaendringane. Temperaturutviklinga i høgfjellet og rekordstor bresmelting er element som påverkar dei økologiske forholda i høgfjellssjøar som Gjende, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Strossle

Du vil kanskje like dette også

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

This website uses cookies to improve your experience. We'll assume you're ok with this, but you can opt-out if you wish. Aksepter Les mer

Privacy & Cookies Policy