Spesielt sjøaura er hardt angripen av lakselusa, syner den nye Risikorapporten. Fotograf: Kjartan Mæstad, Christine Fagerbakke, Erlend Astad Lorentzen / HI
Mykje lus på villaksen samstundes som spesielt sjøaure er hardt angripen av parasitten, gjer at lakselus framleis vert vurdert som ein stor risiko langs store delar av kysten vår.
HAVFORSKNINGSINSTITUTTET – Forfatter: Beate Hoddevik
Lakselus et på fiskeskinnet på artane som kallast «laksefisk». I Noreg er det laks, sjøaure og sjørøye. Dei siste åra har forskarane blitt meir og meir bekymra for sjøauren og til dels sjørøya.
– I delar av landet er risikoen for at lakselus skal ha bestandsreduserande effekt på både sjøaure og sjørøye større enn den er for laks, seier Ørjan Karlsen.
Årsaka til bekymringa for akkurat desse to artane er at begge oppheld seg i kyst- og fjordområda i sommarhalvåret – på akkurat same tidspunkt som det er mest lus, i motsetnad til laksesmolten som forholdsvis raskt svømmer gjennom og ut i havet.
Naturleg parasitt som skapar problem
Lakselus er ein naturleg parasitt langs kysten og i fjordane våre. Etter kvart som oppdrettsnæringa har vakse, har det også blitt fleire tilgjengelege vertar for lusa, dermed har også talet på lus skote i veret.
– Oppdrettsanlegga inneheld fleire 100 000 fisk. Sjølv om kvart anlegg held seg innanfor den lovpålagte grensa for kor mange lus dei kan ha, vil dei likevel ha mange 1000 lus som igjen får avkom, seier Karlsen.
Naturleg har lakselusa tilpassa seg slik at den skal klare å overleve som art til tross for at den har få vertar som den kan feste seg på. Det betyr at det naturleg er høg dødelegheit på luselarvane– dei fleste svelt i hel sidan dei ikkje finn seg ein fisk som dei kan leve av.
– Løysinga frå naturen si side er at kvar holus utviklar eggstrengar som inneheld fleire 100 egg. Når desse klekker, utviklar ho nye og kan dermed få fleire kull i løpet av ein sommarsesong, seier Karlsen.
Etter at oppdrettsnæringa kom, har mattilgangen for parasitten endra seg dramatisk, dermed overlever også meir av avkomet.
Ser auke i lus i nye område
Sjøaure og røye har vore overvaka i tiår. Det siste tiåret har det vore mykje lus på sjøaure spesielt på Vestlandet, men eigentleg heilt frå Rogland til Trøndelag. No ser forskarane at mengda aukar også i andre område. Antal fisk på våren er aukende fra Helgeland – til Vest-Finnmark, og utslepp av lus er også aukende i dei same områda.