Hjem Informasjon Ønsker tips om fangst av rømd oppdrettslaks i Hardanger

Ønsker tips om fangst av rømd oppdrettslaks i Hardanger

Av Redaksjonen

Fiskeridirektoratet 28.05.20

Fiskeridirektoratet er gjort kjend med observasjonar av mogleg rømd oppdrettslaks i midtre Hardanger, og ønskjer tips frå publikum om fangst av slik fisk.

Fiskeridirektoratet fekk i pinsehelga melding om mogleg rømd oppdrettslaks i området rundt Herand. Vårt fartøy «Eir» var i området og fekk i oppdrag å gå til Herand. Etter å ha snakka med fritidsfiskarar på staden, fekk mannskapet bekrefta opplysningar om ein fanga oppdrettslaks på om lag halvanna kilo.

Ønsker tips og bilder

Fiskeridirektoratet ønsker tips frå publikum som har fanga mogleg rømd oppdrettsfisk. Då det no er både vill aure og laks i fjorden, ønsker vi òg bilde av fisken for å få avklart om observasjonane dreier seg om oppdrettsfisk eller villfisk.

Fiskeridirektoratet tek imot tips på døgnopen telefon 55 23 83 36 og på e-post fmc@fiskeridir.no.

Strossle

Du vil kanskje like dette også

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

This website uses cookies to improve your experience. We'll assume you're ok with this, but you can opt-out if you wish. Aksepter Les mer

Privacy & Cookies Policy