Hjem Nyheter Reiskapskontroll på Vestlandet

Reiskapskontroll på Vestlandet

Av Redaksjonen

Arkivfoto:  SNO

Mykje av dei same ulovlegheitene i fisket går igjen frå gong til gong, viser ein felleskontroll på Vestlandet i mai.

I dagane 13. – 16. mai gjennomførte Fiskeridirektoratet, Kystvakten og Statens naturoppsyn (SNO) ein felleskontroll frå nord i Øygarden til Tysnes i Vestland fylke.

– Vi gjennomførte ordinære reiskapskontrollar i tillegg til å ha ekstra merksemd på ulovleg bruk av garn og ruser. Mykje av ulovlegheitene er dei same som går igjen frå gong til gong. Det er manglande eller feil bruk av bomullstråd, manglande merking og ulovleg fluktopning, seier inspektør Joakim Sande i Fiskeridirektoratet.

67 beslag

I løpet av fire dagane kontrollen varte blei det beslaglagt 67 ulike reiskapar og det vart innlevert 39 anmeldelsar til politiet.

Denne gongen hadde kontrollen spesieltlmerksemd retta mot ulovleg bruk av garn og bruk av ruser. Alle garn med maskevidde større enn 32 millimeter skal i perioden 1. mars til 1. oktober vere nedsenka minst tre meter under havoverflata. Det er forbod mot å fiske med ruser i same periode.

Du vil kanskje like dette også

This website uses cookies to improve your experience. We'll assume you're ok with this, but you can opt-out if you wish. Aksepter Les mer

Privacy & Cookies Policy