Hjem Fiske Video: Torskefeber i Ålesund

Video: Torskefeber i Ålesund

Av Redaksjonen

Kvart år ifrå slutten av Februar til ut April, kjem det store torske stimar i tusentall inn til Borgundsfjorden i Ålesund for å gyte. Dette samlar mange ivrige fritids- og yrkesfiskere utenfor Ålesund sentrum, der kjernen for Borgundsfisket er.

Tekst og video av: Joar Søhoel // Jaktogviltmat.no

Sjølv vart eg invitert til Ålesund i byrjinga av Mars. Lite viste eg at dette skulle bli mi største fiskeoppleving nokon gong. Før fuglane feis, møtte eg opp ved båthavna med fiskestang og slukboksen i handa. Der fritids-og sportsfiskaren Thomas Flem henta meg med sin 23 fot store sportsfiskebåt, smekk full av topp moderne utstyr og stenger.

Fiskestanga mi og slukboksen vart fort gøymt tilbake i bilen, for å ikkje framstå som uproff fiskar. Eg forstod fort at her skal eg ut med nokon som har teke fiske til eit heilt anna nivå. Om lag to minutt med båt ifrå båthavna, var vi midt i senteret for fiskeeldoradoet. Thomas hadde full kontroll, og følgde nøye med på ekkoloddet.

Det var store fiskestimer på 20×20 meter, men desse var flate og låg tett på botn, ikkje slike stimar vi var på jakt etter. Vi leita etter dei torskestimane som stod litt opp frå botn, meir som ein ball. Thomas meinar at det er desse torskane som er mest bitevillige.

Etter litt søk dukka den perfekte stimen opp, og eg fekk beskjed om å slippe nøyaktig ned til 52 meter som var akkurat i overkant av stimen. Slapp eg sluken ned i stimen, ville torsken fort bli skremt og ein kan da vere uheldig å kroke og skade fisken. Dette er noko som dei lokale fiskarane prøver å unngå, så godt som mogleg. Noko vi alle bør lære av.

Fem forsiktige pilk var alt som skulle til, før det smalt på min livs største torsk på 12,8 kg. Lite visste eg om at dette berre var starten på ein eventyrleg dag med torskefiske. Thomas drog inn torsk etter torsk på sin eigen variant av ein 350 g svenskepilken. Ein nydeleg sluk i fargen kvit med oransje striper.

Det var mange båtar utpå, og båten vår tiltrakk seg andre båtar uansett kvar vi plasserte oss. Dei fleste med av nysgjerrigheit, for å sjå kva sluk me brukte, men og nokre fordi dei trudde vi hadde oppdaga dei store stimane. Trikset Thomas nytter består av fleire steg. Det første han gjer, er å bruke 3D ekkoloddet. Dette for å komme heilt i framkant av stimen, for å få mest mogleg fisketid på kvart nedslepp. Stimen er som oftast i bevegelse.

Det neste er å få sluken like over torsken, og pilke med kjappe og korte rykk. Her må ein passe på å kun bevege sluken 20-30 cm i sjøen. Sluken skal få ein kjapp “J” formasjon uten dei store bevegelsane. Om ein følger desse stega, får ein den lite bitevillige gytetorsken til å ta.

I tillegg har Thomas halvert størrelsen på treblekroken. Dette for å få til den ekstra lille snerten på sluken under pilkinga. Men sjølv med synkrone bevegelsar ifrå mi side, fekk Thomas tre ganger så mykje torsk som meg. Så her var da teknikk ut til fingerspissane.

Etter omlag 25 torsk i stampen frå 5-17 kg tok vi turen lengre ut, ut til stor havet. Eg fekk beskjed om att det kom til å vere bølger, men dette skulle ikkje vere noko problem i følge meg sjølv.

Turen ut blei luftig med stor sjø og mykje sjøsprøyt, og eg tenkte da at det dårlige været eg har opplevd i Sognefjorden sikkert var som lett bris for båtfører. Men dette gjekk jo fint tenkte eg. Men etter eg hadde dratt opp første torsken min, fekk eg meir tid over ripa enn eg fekk tid til fiske. Eg følte meg plutselig som ein landkrabbe og blir nok neppe like tøff i trynet neste gang eg skal ut på havet. Eg fekk og tilbake dårlige minner frå 2 måneders periode på linefiskebåt i Kalvåg som 20-åring.

Men sjøsjuka blei trossa og stampane på til saman 900 liter blei fylt til randen av både meg og Thomas, så alt i alt må eg seie at da var vert turen ut.

Dag 2 og 3 blei veldig lik på første dagen. Vanskelig fiske inne i Borgundsfjorden med 15-20 torsk, og veldig bitevillig torsk ute på havet.

Torsken som kjem inn gjer seg klar til gytinga, og blir veldig slapp i matfatet. Men bruker ein rett teknikk så er da muligheiter å få den til å bita. Og eg sjølv var meget godt fornøgd med 10-12 torsk i rolig sjø enn 40-50 torsk ute på havet, der dei store sjarkane attmed oss forsvann bak dei store dønningane. Neste tur til Ålesund blir dorging etter storkveita.

Så følg med!

Strossle

Du vil kanskje like dette også

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

This website uses cookies to improve your experience. We'll assume you're ok with this, but you can opt-out if you wish. Aksepter Les mer

Privacy & Cookies Policy