Hjem Informasjon Stans i laksefisket i Tanavassdraget er vedteke

Stans i laksefisket i Tanavassdraget er vedteke

Av Redaksjonen

Klima- og miljødepartementet har no vedteke endringar i tre forskrifter om fisket i Tanavassdraget. Endringane inneber at det ikkje blir opna for laksefiske i Tanavassdraget i 2021. Det blir tilgang til eit utvida fiske etter andre artar enn laks og sjørøye.

Pressemelding – Klima- og miljødepartementet

Tidlegare i vår blei norske og finske myndigheiter einige om å ikkje opne for laksefiske i Tanavassdraget i 2021. Bakgrunnen for dette er at det ikkje lengre er noko haustbart overskot i vassdraget, og at eit fiske på laksebestandane i Tanavassdraget ikkje er berekraftig. Forslag om å stanse fisket, og dei naudsynte endringane dette medførte i fiskeforskriftene for Tanavassdraget, har no vore på høyring saman med endringar som utvidar fisket etter andre artar enn laks og sjørøye i vassdraget.

Les vedtaket her.

– Det er omsynet til villaksen som har veid tyngst i denne prosessen. Vi kan ikkje opne for eit fiske på bestandar som ikkje har haustbart overskot. No må vi sørge for at laksen får best mogleg forutsetning for å bygge seg opp igjen i vassdraget, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Noreg og Finland underteikna to tilleggsprotokollar til Tanaavtalen 28. april. Den eine stadfester einigheita om å ikkje opne for laksefiske i vassdraget i 2021 og at kvar stat vedtek dette nasjonalt. Dei nasjonale vedtaka er fatta med tilvising til Tanaloven art. 16 som mellom anna pålegg partane ei plikt til å stanse eller avgrense fisket dersom innsiget av laks er kritisk lågt. Den andre protokollen inneheld naudsynte endringar til fiskereglane for vassdraget, som altså gjeld på grenseelvstrekninga. KLD har etter dette gjort endringar i dei tre norske forskriftene for fisket i Tanavassdraget, og endringane blei endeleg vedtekne 4. mai.

I staden for laksefiske blir det eit utvida fiske etter andre artar i Tanavassdraget i sommar, mellom anna er det opna for fiske etter sjøaure i heile vassdraget. Tanavassdragets fiskeforvalting er gitt eit hovudansvar for administreringa av fisket etter andre artar. Endringane i dei tre fiskeforskriftene er vedlagt denne saka, og vil bli publisert på Lovdata innan kort tid.

 

Du vil kanskje like dette også

Legg inn en kommentar

[script_21]

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

This website uses cookies to improve your experience. We'll assume you're ok with this, but you can opt-out if you wish. Aksepter Les mer

Privacy & Cookies Policy