Hjem Fiske Forskarar med dårleg nyheit: – Det er pukkellaksår

Forskarar med dårleg nyheit: – Det er pukkellaksår

Av Redaksjonen

I sjøfasen kan pukkellaksen minne om vår atlantiske laks. I elva får hannfiskane ein karakteristisk pukkel på ryggen. Prikkar på halen og svart tunge er andre kjenneteikn. På bildet ser vi ein fangst frå eit tidlegare tokt.  Fotograf: Erling Kåre Stenevik / Havforskningsinstituttet

Rekordfangstar på forskingstokt kan tyde på kommande invasjon i lakseelvene.

Havforskningsinstituttet – Forfatter: Erlend Astad Lorentzen

Den uønskte pukkellaksen har ein toårig syklus. Den invaderte norske elver i 2017 og 2019. Spørsmålet har derfor vore: Ville det gjenta seg i 2021? Alt tyder på det.

Rekordmykje pukkellaks i trålen på sildetokt

– Vi har aldri før fått like mange pukkellaksar i trålen, seier havforskar Kjell Rong Utne om fangstane frå det årlege maitoktet i Norskehavet.

Fartøy frå Norge, Island, Danmark og Færøyane er ute for å kartlegge først og fremst silda, men også andre artar. Dei trålar over store havområde.

– Både vi, det færøyske og det danske fartøyet har fått fangstar med pukkellaks. Vi har fått både meir av dei og over eit større område enn i pukkellaksåra 2017 og 2019, seier Utne, som forskar på laksen i havet.

Meir sørleg utbreiing

I 2017 og 2019 blei det fanga høvesvis 53 og 24 pukkelaksar. I år er totalen 91 stykk. I eitt trålhal var det 28 stykk.

Fiskane, som er på mellom 400-1500 gram, er fanga lengre sør og vest enn tidlegare. Dette kartet viser fangstane i dei tre åra:

Bla med pilane: Dei grå rundingane viser pukkellaks-fangstane på maitoktet. Kryssa viser kor fartøya har tråla (desse er ikkje komplette for 2021). (Illustrasjonar: Valantine Anthonypillai)

Gjennom HI sitt nettverk av fiskarar i den såkalla referanseflåten har forskarane også fått meldingar om bifangst av pukkellaks. Vi har rapportar frå båtar på seinotfiske utanfor Møre-kysten om mellom 1-10 pukkellaksar i kvart einaste notkast. I enkelte kast blei det fanga 30-40 fisk.

Dette er tidlege teikn i havet. Men vil pukkellaksane også renne inn i norske elver saman med vår eigen laks utover sesongen?

Vanskeleg å spå kor dei landar

– Det er definitivt pukkellaksår, men det er vanskeleg å spå mengdene og kor dei kjem til å treffe land, seier forskar Eva Thorstad i NINA. Ho er ekspert på pukkellaksen sin spesielle biologi.

Det var i 2017 at pukkellaksen «eksploderte». Den blei ein snakkis over heile landet, i tillegg til å figurere i Sverige, Danmark, Storbritannia, Irland, Island og Grønland. Før dette har den vore eit vanleg syn i Finnmark, særleg nær grensa til Russland, men også der og auka fangstane dramatisk i 2017.

I 2019 var det endå meir fisk totalt sett, men då var mengdene hovudsakleg i Troms og Finnmark.

Veit lite om konsekvensane

– Men det at vi no får meldingar om bifangst utanfor Nordland, Trøndelag og Møre, er nok litt urovekkande, seier Thorstad.

– I kva grad er pukkellaksane eit problem for vår atlantiske laks?

– Det veit vi framleis lite om. Dei gyter tidlegare enn vår laks. Avkommet skal i teorien gå rakt ut i sjøen utan å bruke tid på å ete i elva. Men nokre undersøkingar viser at dei også kan bli verande i nokre veker, forklarer ho.

– Men vi har sett i mindre vassdrag i Finnmark at mengdene pukkellaks kan bli overveldande. Då vil fortrenging og konkurranse om plass og mat kunne vere eit problem.

Varmare klima er ikkje heile forklaringa

At dei kan spreie nye sjukdomar til vår ville og oppdretta laks, er også rekna som ein risikofaktor.

Men kva skjedde eigentleg i forkant av 2017 som plutseleg ga ein plutseleg pukkellaksboom?

Thorstad trur varmare klima er delar av forklaringa på kvifor pukkellaksen fekk eit oppsving.

– Pukkellaksen er nok ein klimavinnar som trivst betre i stigande havtemperatur. Men det må ha vore fleire faktorar i sjøen som har stemt i forkant av 2017-invasjonen, slik som mattilgangen, seier ho.

Brukar anledninga til å lære meir om arten

I pukkellaksår kan forskarane i det minste lære meir om den uønskte arten.

Fleire år med data frå havet og elvene gir meir kunnskap om pukkellaksen. For eksempel kor mykje pukkellaks vi kan vente oss – og kor og korleis den utgjer størst trugsel for vår heimlege laks.

I mange elver opnar laksefisket 1. eller 15. juni.  NINA har derfor lagt ut ein artikkel om kva du gjer om du får pukkellaks på kroken.

Les også: I ÅR BLIR DET PUKKELLAKSÅR

bilde av pukkellaks på land
Denne pukkellaksen blei fanga på forskingsstasjonen vår i Etneelva i 2019. (Foto: Per Tommy Fjeldheim / HI)

Takk til forskningsintitusjonane DTU-akva i Danmark, Faroe Marine Research Institute på Færøyene og Hafrannsóknastofnun på Island for deling av fangstinformasjon frå deira tokt.

Strossle

Du vil kanskje like dette også

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

This website uses cookies to improve your experience. We'll assume you're ok with this, but you can opt-out if you wish. Aksepter Les mer

Privacy & Cookies Policy