Hjem Forskning Laksen tar kjappaste vegen mot havet

Laksen tar kjappaste vegen mot havet

Av Redaksjonen

Ein ung laks som fremdeles er litt for ung til å utvandre frå elva.   Fotograf: Erling Svensen / Havforskingsinstituttet

Når lakseungane (smolt) utvandrar frå elva tar dei raskaste vegen mot havet.

HAVFORSKNINGSINSTITUTTET – Forfatter: Beate Hoddevik

Det viser eit nytt forsøk der 440 ville laksesmolt i løpet av to år blei utstyrt med akustiske merke. Med hjelp av lyttebøyer kunne forskarane dermed følgje vegvala utover i Altafjorden.

Todelt kart som vise kvar Altafjorden er og i tillegg kvar dei akustike mottakarane var plassert.
Kartet viser kvar dei akustiske mottakarane var plassert i fjorden. Fisken vart fanga og merka i Altaelva.


– Det kan sjå ut som laksen nærast er programmert til å velje den kortaste ruta når han startar på utvandringa, seier havforskar John Fredrik Strøm.

Han er ein av forskarane som i samarbeid med Lakseklyngen har undersøkt kva rute lakseungane vel når den skal på beitevandring i havet.

Inne i fjorden var laksen lite påverka av lokale miljøfaktorar, men dette endra seg etter kvart som den nærma seg ope hav:

– Då såg vi tydeleg at den valte den kortaste ruta med det kaldaste og saltaste vatnet, seier Strøm.

Landskapsbilde fra Altafjorden med fjell og fjord, en flokk rødnebbterner flyr rundt.
Etter å ha blitt merka med akustiske merke fortsatte laksesmolten turen utover Altafjorden. Forskarane fulgte ferda ved hjelp av lyttebøyer.
Foto: Thomas Bøhn / Havforskingsinstituttet

Ifølgje forskarane ser det ut som den unge laksen plukkar opp miljøsignal i form av straum, salt og temperatur frå storhavet medan den sym utover fjorden.

– Desse signala fortel truleg laksesmolten kvar den skal symje for å komme raskast frå elva og ut til havet, seier havforskaren.

Forsøket er gjort med laksesmolt, altså lakseungar som er klare for å starte livet i saltvatn etter å ha vakse opp i ferskvatn.

– Desse fiskane er forholdsvis små, berre 30 gram, og skal ut i havet på beitevandring. Når dei har vakse seg store kjem dei tilbake til elva for å gyte, seier forskaren.

For forskarane er det særs viktig å finne ut kva veg laksen vel, blant anna fordi vegvalet kan bety økt dødelegheit, dersom vandringsruta går gjennom område med mykje lakseoppdrett.

Referanse:

J.L.A. Jensen, J.F. Strøm, A. Nikolopoulos, R. Primicerio, J. Skarðhamar, B.J. Atencio, J.E.T. Strand, P.A. Bjørn, T.Bøhn, Micro- and macro-habitat selection of Atlantic salmon, Salmo salar, post-smolts in relation to marine environmental cues, ICES Journal of Marine Science, Volume 79, Issue 4, May 2022, Pages 1394–1407

Lenke: https://doi.org/10.1093/icesjms/fsac064

  

Strossle

Du vil kanskje like dette også

Legg inn en kommentar

[script_21]

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

This website uses cookies to improve your experience. We'll assume you're ok with this, but you can opt-out if you wish. Aksepter Les mer

Privacy & Cookies Policy