Skjema for å registrere deg til hummarfisket er klart og ligg på nettsidene våre. Sjølv om du var registrert i fjor må du registrere deg på nytt i år. Registreringa gjeld for hummarfiskesesongen i inneverande år.
Saken er hentet fra: Fiskeridirektoratet
Det er berre eitt skjema, men det handterer alle typar registreringar:
- Dei som er registrert frå før. Dersom du var registrert i fjor blir du bedt om å stadfeste opplysingane dine, og du kan også rette det som eventuelt er feil.
- Dei som ikkje er registrerte frå før.
- Dei som registrerte seg i fjor, og som fekk identisk deltakarnummer som nokon andre. Det gjeld om lag 400 personar. Dersom du er ein av desse får du nytt deltakarnummer når du registrerer deg i år, og du får ei melding i skjemaet om at nummeret er nytt.
Det er ingen tidsfrist for å registrere seg, men du kan ikkje delta i hummarfisket før du har registrert deg.
Registrere deg gjerne allereie no, sjølv om hummarfisket ikkje startar før 1. oktober.
Registreringsskjema finn du her
Ta vare på hummaren – følg regelverket
Når du skal fiske etter hummar må du sjølvsagt:
- berre bruke teiner
- følgje reglane om merking av reiskap, fluktopning og rømmingsveg med bomullstråd
- setje ut att hummar under minstemål
- setje ut att rognhummar – denne er freda heile året
Meld tapt reiskap i appen vår
Er du uheldig å misser fiskereiskap kan du enkelt melde dette i vår app for fritidsfiske. Då kan andre finne og ta opp denne reiskapen, slik at den ikkje vert ståande i sjøen og fiske (sokalla spøkelsesfiske).
Appen er gratis og finns for både Andriod og iPhone. I appen finn du også regelverk for fritidsfiske.

Du må være logget inn for å legge inn en kommentar.